Jodtablettar og tilgang til desse ved behov

På grunn av situasjonen i Ukraina mottek vi ein del spørsmål frå innbyggjarane våre om tilgang på jodtablettar. 

Jodtablettar er eit beskyttande tiltak ved atomulykker med utslipp av radioaktivt jod. Dei skal berre takast etter råd frå myndigheitene. Mange apotek opplever auka etterspurnad, og er i periodar mellombels utseld for jodtablettar.

Kommunane har som ein del av sin beredskap eige lager av jodtablettar. Vestnes kommune har jf. krav frå myndigheitene lager til alle personar opp til 18 år, samt til gravide og ammende. Skulane og barnehagane har fått utdelt eigne lager til sine elevar/barn.

Dersom myndigheitene gir råd om det vil kommunen dele ut tabletter til dei andre målgruppene. Utdelinga vil skje frå kommunen sin koronateststasjon i Misfjordvegen 2.

Sjå lenke til info frå DSA om jodtablettar