Invitasjon til ope møte om temaplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet

Korleis held framtidas vestnesing seg aktiv? Torsdag 24. november blir det oppstartsmøte for ny kommuneplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet for Vestnes kommune.


Vestnes Idrettsråd og Vestnes kommune inviterer til ope møte på Vestnes bibliotek frå kl 18 – 20.

Kjetil Håve frå Møre og Romsdal Idrettskrets vil ta oss igjennom ein oppstartsprosess med fokus på:

  • Status i dag og visjon for framtida
  • Korleis kan vi nå måla?
  • Har idéane synergieffektar – kan vi slå saman nokre av idéane til eit felles prosjekt?

Formålet med planen er å ha ein politisk vedtatt og oppdatert langsiktig plan for utvikling av idrettsanlegg i kommunen. Brukarar av planen er i tillegg til politikarar, ansatte i kommuneadministrasjonen,  idrettsorganisasjonar og engasjerte innbyggarar.