Innspel frå Rådet for funksjonshemma (RFF)

RFF er eit rådgjevande organ for kommunestyret. Rådet har rett til å uttale seg i saker som vedkjem personar med funksjonsnedsetting og består av representantar frå brukarorganisasjonane og politikarar. 

Medlemmar av RFF diskuterar framtida til kommunen - Klikk for stort bilete

I møtet 18.mars 2024 diskuterte RFF kva som er bra med kommunen vår og kva mål og visjonar dei har for Vestnes-samfunnet i framtida. Innspela frå RFF blir tatt med i arbeidet med den nye kommuneplanen. 

Kva er bra i Vestnes kommune?

Det beste med kommunen er at vi har mange gode, tilrettelagde turmoglegheiter. Vi har god dugnadsånd og det er oversikteleg og nært. Kommunen er generelt gode på helse og omsorg, med toppmoderne helsehus og legesenter. Vi har kvalitet i tenestene og aktivitetane for dei med psykisk utviklingshemming. Her har vi bygd opp kompetanse over fleire år. Varmtvassbassenget på Myra trekkast fram som eit viktig og bra tilbod. 

Kva for mål og visjonar skal vi ha nådd i 2036?

I 2036 ønskar vi eit meir inkluderande samfunn med plass til alle. Eit levande lokalsamfunn i alle bygdene med elevtal som gjer at småskular kan haldast ope.  Det er eit ønske om fleire fritidsaktvitetar, varierte arbeidsplassar og fleire buformer som kan bidra til at alle blir inkludert kvardagen.  Konkret nemnast fysisk aktivitet for personar med funksjonsnedsetjing, inkludering av kronisk sjuke i arbeidslivet, bufelleskap og ulike leie-til-eie løysingar. 

Vi vil ha det minst like bra som no!

Kva treng vi for å nå desse måla?

For å få til dette treng vi gode, langsiktige planar. Vi må sjå moglegheiter i alle menneske og få fleire ut i tilrettelagd arbeid. Noko aktivitet er betre enn ingenting!  Vi treng meir frivillig arbeid og meir samarbeid med næringslivet.  Vi treng betre økonomi, ein god skule, betre kollektivtilbod og å legge til rette for fleire varierte aktivitetar. Kva med ein golfbane?  

Kva kan hindre oss i nå desse måla?

Det som kan stå i vegen for å nå måla våre inkluderer mangelen på informasjon om rettigheiter og ein generell mangel på kunnskap.  Vidare ser vi ein nedgang i dugnadsånda blant dei yngre, som i stadig større grad ønskjer å “få betalt” for sin innsats. Den pågåande fråflyttinga av ungdom frå området vårt er òg ein utfordring som vi må ta på alvor.