Har du barn som skal gå på SFO til hausten? 

Det kan no søkast om plass ved skulefritidsordninga (SFO) i Vestnes kommune for skuleåret 2023-2024. Søknadsfristen er 1. mars 2023.

Desse må søke: 

  • Barn som skal starte i 1. klasse 
  • Barn som ikkje har SFO plass frå før 
  • Barn som har plass, men som vil endre på plassen til nytt skuleår
  • Barn i 5.-7. steg med særleg behov kan få plass på SFO, og må søke kvart år. 

Hovudopptaket har søknadsfrist 1. mars 2023. Søknadar som kjem etter fristen blir ikkje prioritert til hovudopptaket. 

Her søker du om plass ved skulefritidsordninga (SFO) 

Meir informasjon om SFO finn du her