Handverksmesse med tombola og kafé

Laurdag 22. november kl. 11–15 inviterer Dagsenter Strandbo til den årlege handverksmessa på Myra Kulturbygg.

Der sel Dagsenter Strandbo eigenproduserte varer og tombola, i tillegg kjem det rundt 20 andre utstillarar med eit variert og godt utval av fint handverk og gode matvarer. På kantina blir det kafé med mykje godt i disken.

Plakat som forteller hva man finner på håndverksmessa. Informasjonen er gjengitt i teksten til saken.  - Klikk for stort bilete

Dette finn du:

  • Handvevde løparar, puter, kjøkkenhandkle, vesker og mykje anna fint frå sy- og redesigngruppa til Dagsenter Strandbo
  • Broderte nybakthandkle, gryteklutar, serviettar
  • Handlaga såper og salver
  • Posar til brød og fenalår
  • Tova ulltøflar av garn frå Rauma Ullvare
  • Kjempegode tennrullar
  • Fine nissar med strikkeluer
  • Gode lefser, flatbrød, kaker og honning
  • Mykje anna spennande å sjå og smake på

Meir enn berre produkt

Bak kvart produkt ligg det mykje arbeid, frå små, enkle oppgåver til meir avanserte prosjekt. Dagsenter Strandbo legg til rette slik at flest mogleg kan delta og oppleve inkludering, trivsel, meistring og arbeidsglede.

Det er alltid ei stor glede å sjå at produkta blir godt mottekne. Messa har vore godt besøkt tidlegare år, og det er gratis inngang. 

Hjartleg velkomen! Helsing alle oss på Dagsenter Strandbo.

Finn meir informasjon ved å klikke her (ekstern lenkje til til facebook)