Gjer skulevegen trygg før skulestart - Klipp hekken din!

Om få dagar fyllest skulevegane igjen av barn og unge. Du kan bidra til ein tryggare skuleveg ved å klippe hekkar og buskar som hindrar sikta.

God sikt er avgjerande for at bilistar, syklistar og gåande skal oppdage kvarandre i tide. Derfor bør alle ta ein sjekk av eigedomen sin før skulestart.

Du har ansvar for fri sikt

Om du eig eller disponerer eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg, har du ansvar for å sørgje for fri sikt ved di avkøyrsle (jf. Veglova § 31 og § 43). 

Om eigedomen din ligg inntil eit vegkryss, til dømes i eit regulert bustadfelt, er det også avgrensingar for høgda på hekkar og buskar inn mot krysset.

Når avkøyrsla kryssar gang- og sykkelveg eller fortau

Illustrasjon som viser krav til frisikt ved avkjørsel - Klikk for stort bileteIllustrasjon Statens vegvesen
  • Høgde på hekk og gjerde skal ikkje overstige 0,5 meter over gateplan frisiktsona, dersom avkøyrsla di kryssar gang- og sykkelveg eller fortau.
  • Du kan enten halde vegetasjonen under denne høgda (alternativ 1) eller flytte hekk og gjerde utanfor frisiktsona (alternativ 2).
  • Det skal vere 3 meter fri sikt inn i avkøyrsla (merka med raud stipla strek). Det betyr at når du står 3 meter inn i avkøyrsla, skal du kunne sjå midten av gang- og sykkelvegen 30 meter til kvar side.
  • Merk at frisiktsona bør utvidast ut over 30 meter dersom gang- og sykkelvegen hellar og syklistane held høg fart.

Når avkøyrsla munnar ut i vegen

Illustrasjon som viser korleis ein varetek sikt ved avkjørslar - Klikk for stort bileteIllustrasjon Statens vegvesen
  • Høgde på hekk og gjerde skal ikkje overstige 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Hekk og gjerde kan også flyttast utanfor frisiktsona (merka med raud stipla strek).
  • Det skal vere 4 meter fri sikt inn i avkøyrsla. Det betyr at når du står 4 meter inn i avkøyrsla, skal du kunne sjå vegen 
  • Kor langt du skal kunne sjå til kvar side, kjem an på fartsgrensa. Er fartsgrensa 30 km/t, skal du kunne sjå vegen 20 meter i begge retningar. Avstanden aukar med fartsgrensa:
    • Ved 40 km/t skal du kunne sjå vegen 30 meter i begge retningar.
    • Ved 50 km/t skal du kunne sjå vegen 45 meter i begge retningar.
    • Ved 60 km/t skal du kunne sjå vegen 70 meter i begge retningar.
    • Ved 70 km/t skal du kunne sjå vegen 90 meter i begge retningar.

Har du tre ut mot vegen?

Illustrasjon som viser tre over veg eller gangbane - Klikk for stort bileteIllustrasjon statens vegvesen
  • Greiner skal ikkje henge lågare enn 5 meter over køyreveg. 
  • Over fortau og gang- og sykkelveg skal det vere minst 3 meter fri høgd. 
  • Eigaren av trea har også ansvar for å fjerne greiner som fell ned.

Eit enkelt tiltak for ein tryggare skuleveg

Dårleg sikt kan føre til farlege situasjonar i trafikken og i verste fall alvorlege ulykker. Før skulestart håpar vi derfor at du tek ein rask sjekk av hekkar, buskar og tre på eigedomen din.

Takk for at du vil gjere ein innsats for å hindre trafikkulykker i Vestnes kommune.

Ved spørsmål, ta kontakt med: 

Vestnes kommune, Tekniske tenester, telefon: 71 18 40 00 
eller send ein e-post til: postmottak@vestnes.kommune.no