Frå fylkeskommunen deltok kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen, assisterande kulturdirektør Christine Reitan og fleire representantar frå staben. Kommunen var representert ved ordførar Randi Bergundhaugen, kommunedirektør Audhild Mork og fleire frå kommunalleiinga.
På møtet drøfta partane ei rekkje tema innan kulturfeltet. Både fylkeskommunen og kommunen løfta fram kor viktig kulturlivet er for bulyst, trivsel og folkehelse. Kommunen understreka òg korleis kultur har vore og framleis er ein sentral del av samfunnsutviklinga i Vestnes.
Vestnes kommune orienterte om arbeidet sitt innan kulturområdet og viste korleis kultur vert brukt aktivt i planarbeid. Deltakarane fekk faglege innlegg og diskuterte mellom anna registrering av ferdselsårer, postvegen, friluftsliv og kulturarv.
Fekk ros for heilskapleg arbeid
Representantane frå fylkeskommunen gav tydeleg ros til Vestnes kommune for det arbeidet som er gjort. Dei peika på at kommunen har oppnådd mykje, og at det er ein tydeleg raud tråd frå planverk til gjennomføring.
Kommunen løfta på si side fram det sterke lokale engasjementet og den omfattande frivilligheita som viktige suksessfaktorar. I tillegg vart innsatsen til dyktige medarbeidarar, særleg innan kultureininga, framheva som avgjerande.
Samarbeid og kunnskapsdeling
Begge partar framheva verdien av tett samarbeid og aktiv kunnskapsdeling, og peika på behovet for endå nærare dialog i tida framover. Kommunen understreka kor nyttig det er å kunne samarbeide tett med fylkeskommunen, og å ta del i deira fagmiljø og statistikkbasar.
Møtet gav eit godt grunnlag for vidare samarbeid, og både kommunen og fylkeskommunen uttrykte eit klart ønske om å halde fram dialogen i tida som kjem.
Frå venstre: Mette Holand, Nils Reimer Eidhammer, Ronny Engan, Elin Kanck Lorentzen, Malin Solberg, Helene Øvrelid, Randi Bergundhaugen, Leif Bjarne Ersnes, Audhild Mork, Mona Kristine Fluge, Christine Reitan, Heidi-Iren Wedlog Olsen og Hilde Arna Tokle Yri