Frivilligforum Vestnes 2024

FrivilligForum 2024 vart arrangert på Vestnes bibliotek mandag 18. mars. Det møtte 30 deltakarar, og 24 organisasjonar var representert.  Eit høgdepunkt under arrangementet var ein "kaféborddialog", der deltakarane vart delt inn i fem grupper. Her diskuterte dei spørsmål om kommunen, framtida og korleis vi kan nå måla våre. Innspela frå denne dialogen vil bli tatt med i arbeidet med den nye kommuneplanen.

Ordsky med positive ting i Vestnes kommune. Kultur, friluftsliv og plassering er størst. - Klikk for stort bilete

Kva er bra i Vestnes kommune?

Natur og Friluft

Trekkes breitt fram som ein styrke i kommunen, og her nemnes både turstiane, fjella, fjorden, sjøen, badestrendene, kort veg frå fjord til fjell, den fine sjøfronten i sentrum, gode friluftsmulegheiter m.m.

At kommunen har eit rikt kulturliv og varierte fritidstilbod

Det er positivt at det er så mange ulike lag og organisasjonar i kommunen. Det er høgt nivå på det som skjer innan kultur/fritid, og her trekkes kulturskulen fram som ein viktig samarbeidspart, med dyktige lærarkrefter. Biblioteket er ein stad som mange er stolt av i Vestnes, med allsidige aktivitetar som femnar mange. SMUD (ungdomsklubben) er ein viktig stad, og eit godt tilbod der mange ungdommar finn sin plass. Idretten blir og framsnakka som allsidig i Vestnes, (men her nemnes og at det kan bli betre, med fleire tilbod)

Plasseringa i fylket

Det at vi ligg plassert «midt i blinken» gjer at det er lett å samarbeide med andre. Det gjer og at ein kan bu i Vestnes, men ha tilgang på arbeidsplassar i alle retningar.

Elles blir næringslivet og handelstilbodet i kommunen framsnakka som gode, serviceinnstilte og positive til å støtte opp om lag og organisasjonar – dette er ein styrke for frivilligheita!
 

Kvar vil vi? Kva mål/planar/visjonar har vi realisert innan 2036?

Vi har eit kulturhus

Frivilligheita trekk fram behovet for eit kulturhus med gode og praktiske løysingar. Dette er nemnt i alle gruppene. Dei skriv «i sentrum» eller «På Vestnes». Det blir og nemnt «Kulturhus med museum Søblomsten». Vestnes som «naturleg møtepunkt i fylket for både kunst-kultur og idrettsarrangement» - og då trengs det gode lokale som er egna, ifølge frivilligheita.

Frivilligheita er meir synleg / og vi har fleire frivillige

Her nemnes at det er eit ønske kommunen i framtida bidreg med å synleggjere frivilligheita i større grad enn i dag, men og at frivilligheita sjølv må bli betre på å gjere seg synlege. Målet er at frivilligheita i framtida blir satt meir pris på, det er fleire frivillige, og dugnadsånda er stor.

Vi har mindre bygdestrid

Dette trekkes fram som viktig frå alle gruppene. I framtida ønsker frivilligheita seg eit SOLID fellesskap på tvers av bygdene, og at det skal bli slutt på strid mellom bygder og mellom bygd/sentrum. SAMARBEID og FRAMSNAKKING framfor strid og misunning.

Kva treng vi for å nå måla våre?

Gruppe som jobbar med innspel til kommuneplanarbeidet - Klikk for stort bilete

Fleire ildsjeler

Her nemnes at det trengs fleire frivillige som vil bidra, fleire som vil ta på seg verv, fleire medlemmar, meir engasjement m.m.

Samarbeid

Det trengs meir samarbeid, mellom fleire. Samarbeid mellom kommunen og dei frivillige, Samarbeid mellom kulturskule/korps/grunnskule, Samarbeid om satsing på talent, meir samarbeid over bygdegrensene, meir framsnakking, eit godt samarbeid med næringslivet, minndre bygdestrid, mindre lokalpatriotisme og eit større VI.

Betre økonomi/fleire støtteordningar

Det saknast gode og fleire støtteordningar, både tildelte og søkbare. Det er eit håp om at kommuneøkonomien skal vere betre slik at kommunen har råd til å vere rausare med støtte til frivilligheita. Betre offentlege finansieringsmodellar er etterlyst, samt at det trekkes fram eit behov for støtte frå kommunen i form av positivitet og oppmuntring/hjelp når nokon ønskjer å sette i gang/utvikle noko.

Kva hindrar oss?

Bygdestrid

Rivalisering mellom bygder, og mellom bygd og sentrum trekkes fram som ein særs viktig faktor som hindrar utvikling. Det er eit hinder at vi ikkje samarbeider og støttar opp om kvarandre i større grad.

Økonomi/ressursar

Dei økonomiske ressursane strekk ikkje til. Det manglar gode støtteordningar, og søknadsprosessar trekkes fram som tidkrevjande. Det er og eit stort hinder at det er mangel på folk/ildsjeler, og at dugnadsånda verkar å vere dalande.

Fasilitetar/areal

Det trengs hus til å drive aktiviteten, anten det er kultur/idrett eller anna aktivitet. Det trengs areal for å utvikle idretten. At Vestnes ikkje har eit godt og praktisk egna kulturhus trekkes fram som eit hinder, men og manglande vedlikehald på eksisterande lokalitetar.

Alle innspela frå kaféborddialogen kan du lese her. (PDF, 635 kB)