Kommunestyret kan frita desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt:
- Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.
- Bygning som har historisk verde.
Lag, foreningar, stiftingar og andre som fekk fritak etter § 7a og b for skatteåret 2024, treng ikkje å søke for skatteåret 2025.
Søknad om fritak etter § 7 a og b, for nye eigedommar, vert å sende Vestnes kommune, Rådhuset v/Eigedomsskattekontoret, 6390 Vestnes eller e-post: eigedomsskatt@vestnes.kommune.no innan 31.12.2024.