Fiksdal Lam får næringsprisen for 2025

Vestnes formannskap har vedteke at årets næringspris går til Fiksdal Lam. Prisen blir delt ut under det siste kommunestyremøtet før jul, torsdag 11. desember.

Næringsprisen består av ein statuett og eit diplom, og blir gitt til verksemder som har gjort ein særleg innsats for lokal verdiskaping og berekraftig utvikling. Forslaget om å tildele prisen til Fiksdal Lam kom frå Karoline Ramstad Qvam.

I grunngjevinga går det fram at: 

Fiksdal Lam er ein framifrå representant for lokal matproduksjon og berekraftig næringsutvikling i Vestnes kommune. Gjennom målretta arbeid og sterk lokal forankring har dei gjort Fiksdal til ein stad der kvalitet, tradisjon og verdiskaping går hand i hand. 

Fiksdal Lam tek i bruk dei naturgitte ressursane i området og løfter fram lokale råvarer av høg kvalitet. Produksjonen er tufta på stolte tradisjonar innan sauehald, der god dyrevelferd, berekraft og omsorg for kulturlandskapet står sentralt. Med sitt fokus på kortreist mat og reine, naturlege produkt har Fiksdal Lam skapt ein lokal merkevare som både innbyggjarar og omegn set stor pris på. 

Fiksdal Lam er ein god ambassadør for Vestnes kommune og viser korleis lokal matproduksjon kan vere både økonomisk berekraftig og kulturbyggjande. Deira engasjement, kvalitet i alle ledd og evne til å skape verdiar lokalt gjer dei til ein særs verdig kandidat til årets næringspris. Vestnes kommune vil gratulere Fiksdal Lam med Næringsprisen for 2025!

Vestnes kommune vil gratulerer Fiksdal Lam med næringsprisen for 2025!