Er du førebudd? - Eigenberedskapsveka 2025

Eigenberedskapsveka er ei landsdekkande kampanje som blir gjennomført av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i samarbeid med kommunar over heile landet. 

I veke 44 (27. oktober til 2. november) markerer Vestnes kommune den nasjonale eigenberedskapsveka med arrangement og aktivitetar som skal setje fokus på eigenberedskap. Målet er å gjere deg meir bevisst på kva du sjølv kan gjere for å vere betre rusta ved kriser og uforutsette hendingar.

Nasjonal opning – måndag 27. oktober 

Den nasjonale opninga av eigenberedskapsveka skjer i Molde, men du treng ikkje reise dit – vi strøymer arrangementet direkte på storskjerm i biblioteket kl. 11–12.

Ordførar Randi Bergundhaugen vil vere til stades og seie nokon ord om viktigheita av eigenberedskap. Det vil også vere ein informasjonsstand i fellesarealet på biblioteket der du kan møte representantar frå kommunen som vil gi tips til korleis du kan styrke di eiga beredskap. Her finn du nyttige brosjyrar, ser døme på beredskapsutstyr og får råd om kva du bør ha heime for å klare deg i minst sju døgn.

Standen vil stå på biblioteket fram til laurdag 1. november slik at du kan finne materiale som kan styrke di eigenberedskap, sjølv når den ikkje er bemanna. 

Stand på Vestnes Brygge - Laurdag 1. november 

  • Laurdag flyttar vi standen til fellesarealet på Vestnes Brygge. Her blir det:
  • Utdeling av brosjyrar og informasjon om eigenberedskap
  • Deltaking frå kommunen, Sivilforsvaret og Røde Kors
  • Quiz 

Kvifor eigenberedskapsveke? 

Eigenberedskap handlar om å kunne klare seg sjølv i størst mogleg grad ved kriser. Det kan vere straumbrot, ekstremvêr eller andre hendingar som gjer at samfunnet ikkje fungerer som normalt. Anbefalinga frå myndigheiter er at du skal kunne klare deg sjølv i minst ei veke. Gjennom eigenberedskapsveka ønskjer vi å gi deg kunnskap og verktøy til å vere betre førebudd.

Ordet beredskapsvenn står sentralt i årets kampanje. Ein beredskapsvenn er ein person du kan samarbeide med i ei krise. Til dømes ein ven, nabo eller familiemedlem. Tanken er enkel: Vi står sterkare og tryggare saman. Ved å ha nokon å dele ressursar med, få hjelp frå eller gi hjelp til, styrker du di eiga, deira og vår felles beredskap.

Du kan lese meir om korleis du kan styrke beredskapen din ved å gå til DSB sine nettsider.