Ekstremvèret "Hans" - tips til førebyggande tiltak og kontaktinformasjon

Gjennom måndagen har kommunen gjort førebuande skadebegrensande tiltak i påvente av uvèret som kan treffe kommunen.

Ein oppfordrar til at den enkelte gjer tiltak på eigen eigedom og er generelt oppmerksam på å sikre eigne verdiar.

Tips til generelle førebyggande tiltak når vèrsituasjonen er usikker

  • Flytt eller sikre større gjenstandar – spesielt dersom dei er plassert i nærleiken av flaumutsatte område
  • Reinsk takrenner, avlaupsrøyr og slukar og held stikkrenner og andre vassvegar opne
  • Rydd verdiar og elektriske apparat opp frå kjellaren
  • Sjekk om vindu og dører er forsvarleg lukka
  • Unngå å køyre i overvatn utan å vite kor djupt det er
  • Vurder om reisa er nødvendig
  • Gjer heimen klar for potensielt lengre straumbrot
  • Held deg unna bratte skråningar, samt bekkar og bekkeløp med stor vassføring
  • Bistå personar som ikkje sjølv greier å gjennomføre førebyggande tiltak
  • Held deg oppdatert på situasjonen – kommunen vil legge ut oppdatert informasjon

    Sett deg godt inn i informasjonen om kva du sjølv kan gjere her: Råd til privatpersonar | Varsom.no

Kven skal kontaktast?

  • Opplever du problem på privat eigedom, for eksempel vatn i kjellaren, ta direkte kontakt med brannvesenet og eige forsikringsselskap.
  • Ved fare for liv, helse og miljø skal nødetatane kontaktast.
  • Kontaktperson Vestnes kommune: Emil Balstad, tlf. 48 12 54 80, epost: emil.balstad@vestnes.kommune.no