Ekstremveret "Hans" er på veg og kommunen følgjer utviklinga lokalt

Det er fare for ekstreme mengder nedbør i store delar av Sør-Noreg dei neste dagane. Meteorologisk institutt (MET) og NVE har oppgradert sine farevarsle til raudt nivå. For delar av Romsdal er det meldt orange farevarsel for jord- og flaumskred, og kommunen følgjer utviklinga lokalt.

Farevarsla gjeld frå måndag ettermiddag til onsdag ettermiddag. 

NVE har lagt ut informasjon på varsom.no kor ein kan følgje utviklinga av ektremveret "Hans".

Råd til privatpersonar - slik kan du førebyggje skade.