Eigedomsskatt - utsending av skattesetel

Kvart år, i slutten av februar, sender eigedomsskattekontoret ut skattesetel til dei som eig eigedom i Vestnes kommune.

Skattesetelen viser deg informasjon om eigedommen, promillesats, botnfrådrag, takst, skattegrunnlag og kva du skal betale i eigedomsskatt for inneverande år.

Retaksering

Kommunestyret vedtok i sak PS.63/22  at det skulle gjennomførast ny alminneleg taksering vedk. eigedomsskatt, med nye takstar gjeldande frå 01.01.2024. I samband med dette er «Rammer og retningslinjer for taksering etter lov om eigedomsskatt» justerte av Sakkunnig nemnd.

På skattesetelen finn du også faktainformasjon om alle bygningane på eigedommen din, Denne faktainformasjonen er tidlegare sendt ut og innkomne merknadar er korrigert.

Kommunestyret har bestemt at Skatteetaten sitt formuesgrunnlag skal nyttast som takst på bustadar. Dette vil si at dei fleste bustadane har takst etter Skatteetaten sitt formuesgrunnlag.

Les meir om eigedomsskatt på Vestnes kommune sine nettsider

Utsending av skattesetel

Skattesetelen blir sendt ut digitalt. Har du som privatperson ikkje digital postkasse som for eksempel Altinn eller Digipost, eller du har reservert deg mot digital post, vil du motta skattesetelen som brevpost noko seinare.

Les meir om digitale postkasser