Del eit glimt frå kvardagen!

I samband med prosjektet Mangfald lagar produksjonsselskapet Oclin kortfilmar for Vestnes kommune. No oppfordrar vi alle, men spesielt bedrifter, ansatte i kommunen, lag og organisasjonar til å sende inn små videosnuttar frå kvardagen sin. 

Vi ønskjer å vise fram mangfaldet, fellesskapet og dei gode menneskemøta som skjer i kvardagen rundt om i kommunen. 

Kva slags klipp ser vi etter? 

Vi vil gjerne sjå glimt som viser trivsel, samarbeid, inkludering og fellesskap – både i små og store augeblikk.

Det kan til dømes vere:

  • Frå arbeidsplassen, til dømes ein vanleg dag, ei lunsjpause, samarbeid i kvardagen eller ei feiring.
  • Frå aktivitetar eller arrangement i nærmiljøet, til dømes frå øving, trening eller andre sosiale samanhengar.
  • Frå dugnad, kurs eller prosjekt de jobbar med.

Situasjonar frå scena, ute i naturen, på bana, på verkstadet, i butikken eller på kontoret er aktuelle - men også mange andre situasjonar. Det viktigaste er at klippa fangar det gode mangfaldet og fellesskapet i Vestnes. 

Nokre enkle tips

  • Film gjerne med mobil, ståande eller liggande
  • Nokre sekund er nok
  • Klippa blir brukt utan lyd, så du treng ikkje å snakke 

Slik sender du inn 

Last opp videoen her

  • Frist: 16. november 2025

Samtykke og bruk av opptak 

Ved å sende inn video gir du samtykke gjennom Luups til at opptaket kan brukast i Mangfald-prosjektet. Dei innsendte klippa vil inngå som små delar i ein større film som Oclin produserer for Vestnes kommune.

Den ferdige filmen vil vere ein del av kommunen sitt arbeid med å synleggjere mangfald og inkludering særleg innan oppvekst og skule, men kan og kan takast i bruk i ulike samanhengar og platformar.  

Alt innsendt materiale blir handtert trygt og i tråd med gjeldande personvernreglar og det er berre Oclin som har tilgang til opptaka. 

Har du spørsmål?

Kristina Juul Jørgensen, produsent, Oclin AS – kjj@oclin.no
Mari N. Karadash, prosjektleiar, Vestnes kommune – mari.karadash@vestnes.kommune.no