Kommunedirektør Audhild MorkDagen i dag er ein milepåle i administrasjonen sitt arbeid med budsjett og økonomiplanen. Eit arbeid som starta då kommuneproposisjonen kom i mai 2025. Prosessen har involvert mange i organisasjonen, og kommunedirektøren vil takke alle leiarar og tilsette som har bidrege konstruktivt i det krevjande arbeidet. No overlét kommunedirektøren stafettpinnen til politikarane. I ein politisk styrt organisasjon som ein kommune, er det kommunestyret som har siste ordet om budsjett og økonomiplan.
Hovudelement i framlegget
Forslaget byggjer i hovudsak på tre grunnlag: kommuneplanen sin samfunnsdel, den heilskaplege innsatstrappa og behovet for omstilling. I tillegg til tal frå statsbudsjettet.
Vestnes kommune vedtok tidlegare i 2025 ein ny samfunnsdel i kommuneplanen for perioden 2025–2037. Dette er vårt felles langtidsprogram som set mål og gir retning for utviklinga av Vestnes. Tiltaka i budsjett og økonomiplan støttar opp om måla og strategiane i samfunnsdelen.
Den heilskaplege innsatstrappa for kommunal verksemd, inneber ei systematisk tilnærming til utfordringar innan samfunns- og tenesteyting. Trappa består av fleire nivå som illustrerer gradvis auka innsats og tilpassing av tiltak. Ho viser korleis innsatsen aukar frå universelle tiltak for alle, til målretta tiltak for grupper med særskilde behov. Tidleg innsats og førebygging er sentrale element, og trappa legg vekt på samarbeid mellom kommunale, private og frivillige aktørar. Dette skal sikre ei heilskapleg tilnærming som møter individ- og samfunnsbehov på ein effektiv måte.
I Vestnes kommune, som i dei fleste andre kommunar, har ressursbruken vore størst øvst i innsatstrappa, der vi finn heildøgns omsorgstilbod. Utfordringa blir å vri ressursbruken lenger nedover i innsatstrappa. I budsjett og økonomiplan foreslår vi til dømes tiltak som kan frigjere kapasitet i heimetenester og gjere det mogleg for fleire å bu heime lengre.
Behovet for omstilling heng i hovudsak saman med den demografiske utviklinga. I neste tiårsperiode vil talet på eldre over 67 år auke mykje, og talet på born gå ned. Samstundes går talet på yrkesaktive per eldre kraftig ned. Talet på personar som står utanfor arbeid, utdanning eller tiltak er også høgt og aukande. Summen av dette betyr at vi om få år ikkje har nok hender til å gjere alt slik vi gjer i dag.
Vi må arbeide annleis. Vi må gjere meir av noko og mindre av noko anna. Noko vi gjer i dag må vi truleg slutte med og vurdere om andre kan ta over. Vi vil i tida framover gå gjennom organisasjonen og arbeidsdeling internt og eksternt. Vi vil sjå på korleis vi utnyttar system og teknologi og vurdere interkommunalt samarbeid der dette er hensiktsmessig.
Berekraftige tenester gir også berekraftig økonomi. Gjennom omstilling må Vestnes kommune få ein økonomi som gir handlingsrom til å gjere ønska investeringar i framtida.
Du finn dokumentet med budsjett 2026 og handlingsdel og økonomiplan 2026 – 2029 her (lenkje)