Bruk av Myra Varmebasseng – skuleåret 2022-2023Alle som har ønske om tid i varmebassenget kommande skuleår, må melde sitt ønske om dag/tidspunkt til kultureininga innan 20. mai. Dette gjeld både gamle og evt. nye brukarar.Myra varmebasseng er eit behandlingsbasseng som held jamn temperatur på 34 grader. Bassenget er ope frå ca 1. september til 31. mai. Det maksimale publikumstalet er 30 personar.Bassenget er ope for:Skular og barnehagar – til symjeopplæringFysioterapeutar i VestnesJordmortenestaAndre kommunale einingar som legg til rette for personar med helseutfordringarForeiningar og andre som legg til rette for aktivitet for personar med helseutfordringarVarmebassenget kan som hovudregel ikkje leigast ut til private, men dersom det er born eller andre som av helsemessige grunnar treng bassengtid ut over det bassenget elles har tilbod om, ber vi om at de tar kontakt.Bassenget har følgande prisar:Barn/Honnør kr 45Vaksne kr 90 Klippekort Barn/Honnør kr 450 (12 klipp) Klippekort Vaksne kr 900 (12 klipp)Skular og barnehagar har gratis leige.Merk at alle som får tildelt tid i bassenget er pliktig til å sørge for at dei som skal ha ansvar for aktiviteten, deltek på eit årleg livredningskurs. Kurset blir arrangert i august – veke 35- og invitasjon vil gå ut i starten av juni.Ønske om bassengtid meldast til einingsleiar hege.haugen@vestnes.kommune.no Sist endra 12.11.2025 09.21