Alle kommunar i landet oppnemner ein eigen kommunekomité som har ansvar for å gjennomføre TV-aksjonen lokalt. Kommunekomiteen i Vestnes er (frå venstre) Birgit Vollen, konstituert dagleg leiar ved Vestnes frivilligsentral, Ordførar Randi Bergundhaugen og Ingrid Skjegstad, kulturrådgivar i Vestnes kommune.TV-aksjonen i år går til Atlas-alliansen og skal bidra til eit betre liv for menneske med funksjonsnedsettingar i nokre av verdas mest utsette område.
I Vestnes kommune blir det organisert bøsseinnsamling søndag 19. oktober. Alle som har lyst til å bidra, kan melde seg som bøsseberar. Du treng ikkje erfaring, berre vilje til å gå ei runde og samle inn pengar.
Registrering:
Meld deg som bøsseberar ved å gå til tvaksjonen.no
Du kan også kontakte Birgit Vollen på telefon 977 55 095
Dette går pengane til
TV-aksjonen i år går til Atlas-alliansen og vil gi menneske med funksjonsnedsettingar i Ukraina, Palestina, Nepal, Zambia, Tanzania, Etiopia og Uganda eit betre liv.
Pengane som vert samla inn skal gå til å forbetre levevilkår og sikre likeverdig tilgang til hjelpemiddel, skulegang, arbeid, helsetenester og naudhjelp. Atlas-alliansen vart stifta i 1981 og har tidlegare hatt TV-aksjonen i 1981, 1992 og 2002.
Stiftelsen Atlas-alliansen er ein paraplyorganisasjon for åtte organisasjonar av og for menneske med funksjonsnedsetjingar. Det er Norges Blindeforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Norsk Forbund for Utviklingshemmede, Norges Handikapforbund, Ryggmargsbrokk- og Hydrocephalusforeningen, Mental Helse Ungdom, Norges Døveforbund, og Stiftelsen Signo.
Du kan lese meir om årets TV-aksjon ved å gå til tvaksjonen.no.
Andre måtar å bidra
TV-aksjonen er ein landsomfattande dugnad der alle kan bidra. I tillegg til å gå med bøsse, kan du engasjere deg på andre måtar:
Lag din eigen innsamlingsaksjon
- Opprett ei digital bøsse ved å gå til spleis.no/tvaksjonen
- Del ho med vener, familie, naboar eller kollegaer
- Gåver til den digitale bøssa kan gjevast med Vipps eller bankkort
Gi pengar direkte gjennom
- Vipps: 2133
- Kontonummer: 8380 08 09005
- Kontonummer ved faktura med KID: 1503 60 97431
- Du kan også gi ved å gå til giverstafett.no
Inspirasjon og ressursar
På tvaksjonen.no finn du idéar og materiell for privatpersonar, skular, barnehagar, organisasjonar, næringsliv og trus- og livssynssamfunn.
Fleire tusen bedrifter vel kvart år å støtte TV-aksjonen, ofte kombinert med interne aktivitetar eller engasjement mot kundar og samarbeidspartnarar.