Arbeid i gang med ny pårørandestrategi

Vestnes kommune har starta arbeidet med å utarbeide ein ny pårørandestrategi for pårørande til personar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar.

Målet med strategien er å styrkje samarbeidet mellom kommunen og pårørande, og å sikre at pårørande får den informasjonen, støtta og involveringa dei har behov for. Pårørande gjer ein viktig innsats, og vi ønskjer å utvikle eit systematisk og føreseieleg tilbod som tek omsyn til rolla og behova deira.

Arbeidet med strategien blir gjennomført i dialog med pårørande, brukarorganisasjonar og tilsette i kommunen. Vi ønskjer å høyre frå deg som har erfaring som pårørande, og vil ved seinare høve invitere til innspel og medverknad i prosessen.

Meir informasjon om arbeidet og korleis du kan bidra kjem etter kvart.