Adressering av RiseplassenKommunen startar arbeidet med adressering av detaljregulering for RiseplassenKommunen har starta arbeidet med adressering i samband med detaljreguleringa for Riseplassen (PlanID 0157). Førebels er det foreslått to alternativ, men fleire alternativ er velkomne.Alternativ ein er Riseplasen som er brukt i daglegtale. Namnet Riseplassen kjem frå familien Rise som budde på staden i ein lang periode.Alternativ to er namnet på sjølve området, som er Inste Grova.Har du ei meining om alternativa, eller eit anna forslag? Gå til mittinnspill.noFrist: søndag 19. oktober kl. 23:59 Sist endra 02.10.2025 13.11