8 nye bustadtomter i Tresfjord sentrum

Vestnes kommune vurderer å klargjere for sal 8 nye bustadtomter nær Tresfjord sentrum. Tomtene ligg ca 100-200 meter vest for Ridderkroa og daglegvarebutikken. Før vi går vidare med planane ønsker vi å kartlegge om det på privatmarknaden er interesse for desse tomtene.

Kart som viser dei planlagde bustadtomtene i Tresfjord - Klikk for stort bilete

I denne omgangen er det berre privatpersonar med planer om bygging av einebustad som har høve til å melde si interesse. Dette gjerast ved å fylle ut skjemaet under her. Å melde si interesse for bustadtomt er ikkje bindande for nokon av partane. Sjølv om du har meldt di interesse kan du når som helst trekke deg.

I denne runden er det altså snakk om ei kartlegging for å avgjere om kommunen skal klargjere tomtene for sal. Vi vil nytte tilbakemeldingane frå privatmarknaden til å gjere desse vurderingane. Om det vert bestemt at området skal byggast ut og klargjerast for bustadtomter, vil dette bli annonsert på nytt og tomtene vert då seld i medhald av kommunen sine vedtekne tildelingsreglar. Sjølv om du no melder deg som interessent må du tinge tomt på nytt etter at vi eventuelt har klargjort tomtene for endeleg sal. Om det viser seg at interessa for bustadtomtene ikkje i tilstrekkeleg grad er til stades på privatmarknaden, vil kommunen gå i dialog med potensielle bustadutbyggjarar med tanke på sal av heile området til ein profesjonell utbyggjar.

Tomtene vil variere i storleik, frå ca 900 til ca 1600 m². Pris på tomtene vil ligge på mellom 250.000 og 300.000 kroner. Alle omkostningar er då inkludert med unntak av tilknytningsavgift for vatn, straum og fiber. Tomtene er prosjektert og regulert slik det går fram av kartet under.

Frist for å melde si interesse for tomt er 15.09.2023. Ved spørsmål ta kontakt med bustad- og eigedomskontoret på tlf. 94146273 eller på e-post; oystein.hole@vestnes.kommune.no