Friluftslivets år ønsker å inspirere deg til å oppdage og ta vare på din nærnatur, invitere andre ut og prøve nye friluftslivsaktivitetar.
Friluftsliv er for alle og kan opplevast i naturen nær deg. Drømmen er at alle skal finne sin friluftsglede. Det kan skje når vi er til stades i naturen og møter den med leik, nysgjerrigheit og respekt – gjerne saman med andre. Saman skal vi i 2025 skape begeistring for eit naturvennleg friluftsliv, og senke terskelen for å delta.
Årshjul - Friluftslivets år 2025Kva er Friluftslivets år?
Friluftsliv er Norges fremste fritidsaktivitet og har noko for alle, uavhengig av forutsetningar og forkunnskapar. Samtidig finst månge barrierer som kan hindre både barn, unge og vaksne frå å få gode opplevingar i naturen. I 2025 år er målet at alle skal finne sin friluftsglede. Organisasjonar og lokale lag som tilbyr aktivitetar skal løftast fram, og det skal vere enkelt å finne dei. Slik kan du bli ein del av eit miljø, og bli trygg på å vere ute i naturen. Da blir det også enklare å utforske naturen på eiga hand når du ønsker det.
Friluftslivets år blir skapt av friluftslivorganisasjonane, og heile bredda av frivillegheita, friluftsråda, sentrale og lokale myndigheiter, skoler, næringsliv og enkeltpersonar. Det markerast kvart tiande år og er forankra i Stortingsmelding om friluftsliv (2016). Det er Norsk Friluftsliv, fellesorganisasjonen for dei 19 store frivillige friluftslivsorganisasjonene, som er prosjekteigar og har prosjektleiinga for året. Dette skjer i samarbeid med blant anna Klima- og miljødepartementet og øvrige relevante departement og direktorat.
Kva skjer i Friluftslivets år?
Vi inviterer alle til å bli med å feire Friluftslivets år i Vestnes. Det heile startar med «Hele Norge båler» den 18. januar og påfølgande veke. Ta gjerne ein StikkUT-tur til fots eller på ski og tenn bål saman med turvenner i veke 3. Sunnmøre friluftsråd har også to arrangement 18. januar. Eitt i Kråkvika kl. 14 –18, og eitt på Fiksdalsetra kl. 13–15.
Bli med og skap varige minner
Vi håpar at årets aktivitetar og arrangement vil inspirere fleire til å utforske naturen og oppdage gleda ved eit aktivt liv ute. Saman kan vi skape varige minner og gode vanar som varer lenger enn sjølve jubileumsåret.
Vi gler oss til eit år fylt med friluftsglede – bli med du også!