Informasjon om brøyting

Her er oversikta over inngåtte avtalar om brøyting og strøing i perioden 2025-2026. Dersom du ønskjer privat brøyting må dette avtalast direkte med kontraktør i ditt område.

Standard for brøyting og strøing

I Vestnes kommune har vi valt å sette krava til brøyting på maks 6 cm våt snø og 10 cm tørr snø. Dette betyr at det vil bli brøyta når det er forventa at krava vil bli overstige. Samtidig vil det kunne bli brøyta og strødd ved høg risiko for isdanning. Ein forventar redusert brøytestandard mellom kl 24:00 og 05:00.

Alle kontraktørar skal brøyte og strø eigne roder. Brøyting og strøing gjerast etter kart, som vist her:

 

For ei meir detaljert oversikt kan du bruke publikumskartet gjennom knappen under. Kartet viser vegane som blir brøyta, i staden for områda på bileta ovanfor.

Publikumskart

Publikumskartet er under utvikling og kan innehalde feil eller manglar. Desse vil bli kontinuerleg utbetra utover sesongen. GPS-signal kan og være av varierande kvalitet og føre til at vegane berre er registrert som delvis brøyta.

Klage på brøyting og strøing

Kommunen ønskjer skriftlege meldingar som som gjeld brøytestandarden (brøyting og strøing). Dette kan leggast inn på Meld feil funksjonen på heimesida til Vestnes kommune. 

Lenke til "Meld feil" og "Meld inn ny sak" for klage på brøyting/strøing

Private avtalar

Om du ønskjer å inngå privat avtale om brøyting eller strøing, må du ta direkte kontakt med firmaet eller kontaktpersonen som brøyter i ditt område.  Det er firmaet eller kontaktpersonen som avgjer om dei ønskjer å inngå avtale på privat område. Vestnes kommune administrerer ikkje private avtalar for andre kontraktørar.

Oversikt over roder og brøytarar

Oversikt over roder og brøytarar
RodeFirma / Brøytar
DaugstadKrogseth Maskin AS
FiksdalKristian Bergheim
FlateFlate Skog AS
Gjermundnes - VikebuktKrogseth Maskin AS
Hagneset - VestnesbuktaFlate Skog AS
Helland Nord (Sentrum)Skavnes AS
Helland Sør (Helland Skule)Stokkeland Multi Service AS
Helland Vest (Hellandheimen)Flate Skog AS
Hjelvika og VågstrandaTalberg Gård
KjersemfjelletOdd Jonny Frostad
RekdalThor Anders Ringsby
SkorgenKrogseth Maskin AS
Sørås / Jervell / Ny-JordStokkeland Multi Service AS
TomrefjordAnders Lid Krogsæter
TresfjordØvstedal Kraft Holding AS
Øverås / LeirvågenØyvind Øverås
ÅsbygdaStokkeland Multi Service AS

(Kontraktør skal berre kontaktast ved behov)

Ofte stilte spørsmål og svar

Når vinteren melder sin frammarsj og snøen begynner å falle er det tid for brøyting og strøing. Ofte kan dette føre til frustrasjon og usikkerheit med tanke på brøytestandard. Her er nokre spørsmål og svar som kanskje kan hjelpe deg med det du lurer på. 

Spørsmål og svar angåande brøyting

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk eller avtale tid på førehand.

Adresse

Besøksadresse:

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes