Graving

Har du behov for å grave i kommunal veg, vegkant eller annen kommunal eigedom? Da må du ordne med gravemelding.

Kvifor må eg sende inn gravemelding?

Alt arbeid som gjer at du må grave i kommunal grunn (vegar, parkeringsplassar, friområde etc.), krev at du må hente inn løyve før gravinga kan starte.

Det ligg ofte tekniske anlegg i kommunale vegar og plassar, og det kan bli til ulempe for mange innbyggarar om det oppstår skadar på dei tekniske anlegga som følge av graving. Det er difor viktig at du skaffar deg informasjon om kva som ligg i grunnen før gravinga startar.

Kan eg grave sjølv?

Ja, det kan du, men vi anbefaler at du fyller ut gravemelding sjølv om du skal grave på eigen eigedom, for å sikre at det ikkje oppstår skade på kablar/leidningar som evt. kryssar eigedomen din.

Ved behov for graving i kommunal grunn må du uansett nytte ein entreprenør til gravearbeidet. Entreprenør skal også sørge for å sende inn gravemelding med tilhøyrande vedlegg.

Slik søker du

Fyll ut skjema for gravemelding  
Ta gjerne kontakt med oss om du er usikker på om det er behov for å sende inn gravemelding.

Vi kan hjelpe deg med kart over kommunale leidningsanlegg, og i enkelte tilfelle også private stikkleidningar.

Kontakt

Arve Rekdal
Ingeniør
E-post
Telefon 97 48 48 19

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart