Fri sikt - ditt ansvar

Det skal vere trafikksikkert, også for våre yngste innbyggarar i Vestnes kommune og du som hageeigar kan bidra. Sørg for at tre, busker og hekkar på eigendomen din ikkje skapar farlege situasjonar.

Kva ansvar har eg?

Eig eller disponerer du ein eigedom med avkøyring til veg eller gang- og sykkelveg, eller ligg eigedomen din inntil eit vegkryss? Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved di avkøyrsle og mot vegkryss (jf Vegloven §31 og §43).

Du er ansvarleg for å hindre at det oppstår ulykker ved å sikre god sikt ved di avkøysle og langs hagen mot gata. Hekkar og tre veks fort og gjerde kan vere montert slik at sikta blir dårleg.

Vegetasjon som hindrar sikt kan vere ei dødsfelle, spesielt for dei aller minste som ferdast langs vegane våre. Om bilistar ikkje ser kva som skjuler seg bak hekkar og busker kan det oppstå farlege situasjonar for fotgjengarar, syklistar og andre bilistar. 

Slik gjer du det

Les informasjonsbrosjyra Klipp hekk og busker for Vestnes, (PDF, 292 kB) 

om korleis du sørger for fri sikt i samsvar med Veglova. Sjå også statens vegvesen si brosjyre for meir informasjon 

Les informasjonsbrosjyra Klipp hekk og busker  utarbeid av Statens vegvesen

I alvorlige tilfelle kan Vestnes kommune eller Statens vegvesen pålegge deg å rydde opp. Siste utveg for å unngå farlege forhold er at kommune eller vegvesen står for ryddinga, på eigar si rekning.

Ønsker du hjelp eller fleire opplysningar, kan du kontakte kommunen.   

Meld fra om farlige forhold

Opplever du farlege situasjonar i ditt nærområde som følge av dårleg sikt, kan du gi oss melding om dette.

Gå til fana meld feil på nettsida til Vestnes kommune

Kontakt

Arve Rekdal
Ingeniør
E-post
Telefon 97 48 48 19

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart