Tilknyting kommunalt avløp Dersom du ønsker å knyte deg til offentleg vatn- eller avløpsleidning, må du søke kommunen om løyve. Illustrasjon som viser husets tilknytingar til kommunale avløpsleidningar Tilknyting av bustad og hytte til offentlege avløpsledningar. Dersom det ligg offentlege leidningsanlegg i nærleiken av eigedomen din skal du vanlegvis knyte deg til den. Det er eit søknadspliktig tiltak. Ver merksam på at du må betale tilknytingsgebyr. Dersom du ønskjer at forbruksdelen av avløpsgebyret skal bereknast ut frå målt mengde, kan du montere vassmålar i samband med tilknytinga. Tilknyting av nærings- og industribygg I lokal forskrift om avløpsgebyr er det krav om at næringsbygg skal betale gebyr etter målt mengde. Sjølv om kravet i forskrifta er at det skal monterast avløpsmålar, er det akseptert og oftast mest praktisk å montere vassmålar. Montere vassmålar Gebyrkalkulator kan vere til hjelp i vurderingane om du skal montere vassmålar Vassmålaren må registrerast. Slik søker du Tilknyting til det offentlege avløpsnettet er søknadspliktig og du søker ved å fylle ut søknaden. Søk om tilknytting til kommunalt avløp Dette skjemaet skal du bruke anten det gjeld tilknyting av eksisterande bygg eller ved søknad om oppføring av nytt bygg. Det er same skjema for bustader, hytte og industri- og næringsbygg. Kva kostar det Tilknytingsgebyr, årlege gebyr og forbruksgebyr etter vassmålar. Regelverk Forskrift om avløpsgebyr, Vestnes kommune, Møre og Romsdal Sist endra 11.09.2023 11.13