Logoped

Logopeden har spesialkunnskap om språk, og kan bistå med utgreiing og øvingar for barn i barnehage og grunnskulealder.

Kven kan få hjelp frå logoped?

Logopeden er eit lågterskeltilbod for barn i barnehage og grunnskulealder. Logopeden gir støtte når barn har:

  • Vanskar med uttale av språklydar
  • Vanskar med taleflyt, som stamming eller løpsk tale
  • Stemmevanskar

Hjelpa kan vere både direkte oppfølging av barnet, og rettleiing eller øvingsmateriell til føresette og tilsette i barnehage eller skule.  Andre språkvanskar, for eksempel vanskar med å forstå språk, bruke språk på ein tydeleg måte eller samhandle med andre, blir vanlegvis følgt opp med andre tiltak i barnehagen eller skulen.

Slik går du fram ved tilvising til logoped

Føresette kan tilvise sjølv, men tilvising bør helst skje i samarbeid med barnehage, skule eller helsestasjon.

Her finn du søknadsskjema for tilvising til logoped (papirskjema) (PDF, 146 kB)

Slik arbeider logoped

Ein viktig del av logopeden sitt arbeid er rettleiing til føresette og eventuelt nærpersonar i barnehagen eller skulen. Etter kartlegging gir logopeden ofte føresette øvingsmateriell og opplæring i korleis dei kan bruke det.

I fleire saker vil logopeden ha oppfølging kvar veke til faste tidspunkt. Slik oppfølging blir gitt i meir samansette saker, der det trengst meir enn berre mengdetrening.