Individuelt tilrettelagt opplæring (ITO)

Har du, eller barnet ditt behov for ei anna type opplæring for å lære det du skal på skulen?

Kva er individuelt tilrettelagt opplæring?

Individuelt tilrettelagt opplæring er ei form for undervisning som blir tilpassa den enkelte eleven sine behov, dersom den vanlege undervisninga inne i klasserommet og ekstratiltak ikkje gir god nok læring.

Individuelt tilrettelagt opplæring kan bety at eleven arbeider med anna innhald enn det resten av klassa gjer, dersom det vil passe betre for utviklinga til eleven. Enkelte elever har behov for oppgåver og målsettingar frå lågare trinn. I andre tilfelle kan det innebere at ein brukar alternative måtar å lære på, for eksempel ved meir praktisk arbeid eller meir individuelt tilrettelagde oppgåver.

Opplæringa kan bli gitt inne i klasserommet, på grupperom aleine med lærar eller i mindre gruppe.

Den som skal gi opplæringa må som hovudregel vere lærar, men PPT kan opne for andre universitet- eller høgskuleutdanna yrkesgrupper, som sosionom, vernepleiar, og liknande. Assistent/fagarbeidar kan hjelpe til, men er ikkje den som skal ha ansvar for, eller vere den som skal gi individuelt tilrettelagt opplæring.

Kven har rett til individuelt tilrettelagt opplæring?

Elevar som ikkje har, eller kan få tilstrekkeleg læringsutbyte av vanleg undervisning, har rett på individuelt tilrettelagt opplæring. I Noreg gjeld dette om lag 8% av grunnskuleelevane, men med stor variasjon avhengig av kommune, skule og kva klasse ein går i. Vestnes har hatt likt snitt som landsgjennomsnittet dei siste åra, men med noko variasjon mellom skulane.

Før skulen kan fatte enkeltvedtak om individuelt tilrettelagt opplæring skal PPT skrive sakkunnig vurdering og kome med ei tilråding om retten.

Når PPT vurderer om ein elev har godt nok utbyte, ser dei nærare på elevane sine individuelle føresetnader, kvaliteten på den vanlege undervisninga, forventningane i læreplanen, og kva ein kan forvente av læring samanlikna med resten av klassa og landssnittet. Uro, konsentrasjonsvanskar, og andre vanskar med å delta i undervisninga er ikkje det same som manglande utbytte, men kan påverke utbyttet.

Dersom du er usikker på om barnet ditt har rett på individuelt tilrettelagt opplæring eller andre tilpassingar på skulen, bør du ta opp bekymringa di med skulen. Opplever du at du ikkje får god nok informasjon om barnet ditt sitt utbytte, eller er usamd i skulen si vurdering, kan du krevje eit enkeltvedtak om retten til individuelt tilrettelagt opplæring. Det er likevel best at spørsmål om tilrettelagt opplæring blir drøfta med skulen og eventuelt PPT først.

Krav til skulen før tilvising

Skulen skal sørgje for at opplæringa er tilpassa, det vil seie at elevane får eit best mogleg utbytte av opplæringa uavhengig av føresetnader, og at alle skal få utnytta og utvikla evnene sine. Det kan ofte vere andre tiltak som bør setjast i verk før ein vurderer individuelt tilrettelagt opplæring, som til dømes intensiv opplæring i lesing, skriving eller rekning for elever på 1. til 4. trinn.

Skulen bør skaffe samtykke frå føresette til å drøfte tiltak med PPT i ein tidleg fase av bekymring.

Lærarane skal følgje med på utviklinga til elevane, og dersom det framleis er tvil om at eleven har tilfredsstillande utbyte av opplæringa skal skulen etter skriftleg samtykke frå føresette be PPT utarbeide sakkunnig vurdering om rett til individuelt tilrettelagt opplæring.