Enkeltvedtak og klage

Enkeltvedtak

Eit enkeltvedtak er eit dokument der det blir bestemt om eit barn eller ein elev har rett på ekstra hjelp, og i så fall korleis hjelpa skal sjå ut. Det er som eit formelt svar frå barnehagen, skulen eller kommunen, når nokon har stilt spørsmål om eit barn treng støtte. Ofte kjem dette spørsmålet i form av ein søknad, der ein har bede om spesialpedagogisk hjelp eller anna tilrettelegging.

Det er som oftast leiinga ved skulen som gir svaret på spørsmålet om eleven skal få ekstra hjelp, og kva hjelp som i så fall skal givast. Dette svaret gir dei i form av eit enkeltvedtak. For barnehagar er det barnehagemyndigheita i kommunen som skriv enkeltvedtaket. Går barnet i privat barnehage eller privatskule, er det òg kommunen som har ansvaret for enkeltvedtaket. Grunnen er at enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging er juridiske rettar som kommunen har ansvaret for å sikre.

Før barnet kan få visse typar hjelp, må det først liggje føre ei sakkunnig vurdering frå PP-tenesta. Dette er både eit lovkrav og eit viktig utgangspunkt for å kunne ta ei god avgjerd. Den sakkunnige vurderinga gir råd om kva barnet treng, og skal vere til hjelp for den som skal skrive vedtaket. Vurderinga er ikkje bindande, men dersom vedtaket går imot det som PPT har tilrådd, må det stå tydeleg i vedtaket, med ei forklaring på kvifor. Det er ikkje lov å avslå hjelp berre fordi det manglar pengar eller folk.

Enkeltvedtak skal skrivast og sendast til føresette «utan ugrunna opphald» (innan få dagar) etter sakkunnig vurdering er ferdig, uavhengig kva tilrådinga seier.

Eit enkeltvedtak gjeld som oftast berre for eitt barnehage- eller skuleår om gongen, medan den sakkunnige vurderinga kan vere gyldig i opptil tre år. Dette betyr at ein må fatte nye enkeltvedtak for det andre og tredje året, sjølv om vurderinga frå PPT framleis er gjeldande. Av og til kan det vere slik at utviklinga til barnet/eleven eller endringar i organiseringa gjer at enkeltvedtaket ikkje lengre seier det same som det som er tilrådd i den sakkunnige vurderinga. Som døme kan ein bli samd om å avslutte eller redusere omfanget på hjelpa fordi det har vore ei stor positiv utvikling.

Om retten til å klage

Føresette kan klage på enkeltvedtaket dersom dei er usamde i innhaldet, saksbehandlinga eller gjennomføringa av vedtaket. Dette gjeld både ved avslag på hjelp og ved innvilga støtte der omfanget eller innhaldet ikkje er i tråd med behova. Dette følgjer av forvaltningslova §28.

Klagen skal sendast til den som har fatta enkeltvedtaket. Ved eventuell klage skal vedtaket vurderast på nytt ut frå det som står i klagen. Dersom det ikkje vert gitt medhald i klagen, skal den som har fatta vedtaket så raskt som mogleg sende saka til Statsforvaltaren, som er klageinstans. Statsforvaltaren fattar endeleg vedtak.

Fristen for å klage på innhaldet i vedtaket eller saksbehandlinga er tre veker frå foreldra vert gjort kjend med vedtaket. Dette følgjer av forvaltningslova §29. Foreldra kan også sende klage seinare, dersom dei meiner at barnet/eleven ikkje får tilrettelegginga som enkeltvedtaket seier barnet/eleven skal få.

Føresette kan ikkje klage på PPT si sakkunnige vurdering om dei ikkje er samd i PPT sine vurderingar og tilrådingar. Føresette kan hente inn ei alternativ sakkunnig vurdering i tillegg til den PP-tenesta utarbeider, men dette må dei ordne og betale for sjølv.