Assistent i grunnskulen

Mange elever har behov for ekstra støtte frå vaksne gjennom skulekvardagen og i undervisninga. Dei kan blant anna trenge hjelp til å kome i gang med arbeidsoppgåver, å få forklart eller repetert beskjeder, eller hjelp til å løyse konflikter som har oppstått. Det kan vere vanskeleg for lærarar å få tid nok til å hjelpe alle elever som treng det.

Assistenter er difor ein viktig ressurs i skulen. Dei har som oppgåve å støtte lærar med både å ivareta enkeltelevers behov for hjelp, og med å bidra til å skape eit godt læringsmiljø i klassa eller elevgruppa. Det er leiinga ved kvar enkelt skule som bestemmer kor mykje assistentressurs som skal vere i kvar klasse eller elevgruppe. Dei må vurdere behov og fordele ressursar ut frå fleire faktorar, som tal på enkeltelever med behov for ekstra støtte, gruppestørrelse, og organisering av undervisninga. På fleire av grunnskulane i kommunen har dei fleste elevgruppene tilgang til assistentressursar.

Lærarassistent kan sjåast som eit generelt tiltak for å styrke undervisningskvalitet og trivsel. Tidlegare var ofte assistentressursar knytt til enkeltelever, medan det no er vanlegare å nytte assistent som ein ressurs for alle elevane i klassa. Dette gjer det mogleg å støtte fleire elevar tidlegare, før utfordringar veks seg større, fordi ressursane kan brukast fleksibelt der behova er størst.

Personleg assistanse

Enkelte elever har behov for assistanse som er såpass spesifikk og omfattande at det er naudsynt for skulen å innvilge personleg assistanse som ein individuell rettigheit. Personleg assistanse handlar ikkje om å leggje til rette for det faglege slik at elever når kompetansemåla, men om å bidra med praktisk bistand slik at det vert mogleg for elevar å delta i undervisninga. Dette kan som døme vere praktisk hjelp og støtte med:

  • Sosiale aktivitetar i friminutt
  • Kommunikasjon
  • Forflytning, bering av sekk og utstyr
  • Av- og påkledning
  • Måltid
  • Toalettbesøk

Det er leiinga ved skulen som skriv vedtak om personleg assistanse. For private skular er det kommunalsjef for oppvekst og kultur som skal skrive vedtak. For å skrive enkeltvedtak om personleg assistanse må saka vere godt nok opplyst, og i tillegg til beskriving av spesifikke behov i skulekvardagen er det relevant å basere seg på medisinsk informasjon som epikrise eller uttale frå lege.

Slik går du fram om barnet ditt treng personleg assistanse

Om du som føresett lurer på om barnet ditt kan trenge personleg assistanse bør du ta opp dette med skulen som barnet ditt går på, eller skal byrje på. Dette er også noko som ofte vert stilt spørsmål om før skulestart i overføringsmøta mellom barnehage og skule.