Kva er alternativ opplæringsarena?
Ein alternativ opplæringsarena er eit tilbod om opplæring utanfor den vanlege skulen. Ein alternativ opplæringsarena kan vere eit godt tilbod for:
- Elevar med ufrivillig skulefråvær, der det av ulike grunnar er for vanskeleg å delta i undervisninga på ordinær skule.
- Elevar med behov for auka meistringskjensle, der ein meir praktisk og opplevingsbasert tilnærming til læring kan vere til hjelp.
- Elevar med spesielle læringsbehov, som det er vanskeleg å dekke fullt ut på ein ordinær skule.
Dei som arbeider ved alternativ opplæringsarena må vere utdanna lærarar.
For at ein elev skal kunne få opplæring på ein alternativ opplæringsarena, må opplæringa definerast som individuelt tilrettelagt opplæring. Det betyr både at PP-tenesta må ha utarbeidd ei sakkunnig vurdering som anbefaler dette, og at skulen har fatta eit enkeltvedtak der eleven vert gitt rett til dette.
Bruk av alternativ opplæringsarena skal alltid vere basert på ei vurdering av kva som gagnar eleven mest, ikkje kva som er best for skulen eller kommunen. Det må takast omsyn til kva eleven går glipp av på heimeskulen, til dømes sosialt samspel eller fagleg oppfølging. PP-tenesta vil vurdere dette i si sakkunnige vurdering dersom det er spørsmål om bruk av alternativ opplæringsarena.
Vanlegvis vert alternativ opplæringsarena nytta i avgrensa omfang, til dømes ein til tre dagar per veke, og vert planlagt slik at det fremjar både læring og trivsel for eleven. Heimskulen og alternativ opplæringsarena må samarbeide for at elevane skal få eit mest mogleg samanhengande opplæringstilbod. Eleven si Individuelle opplæringsplan (IOP) er eit viktig verkty for dette.
Om Tuentun
Sidan hausten 2021 har det vore drive alternativ opplæringsarena i regi av Vestnes kommune på garden Tuentun i Tresfjord. Tilbodet er for elever i 6.-10 trinn ved Helland barneskule, Helland ungdomsskule, og Tomrefjord skule. Elevane har faste dagar på Tuentun mellom ein til tre dagar pr veke. Det er litt over 20 elevar innom i løpet av veka, med dagleg gruppestørrelse på maksimalt sju. Dei tilsette hentar og leverer elevar med eigen skyss.
Eigarane av garden er tilsette i kommunen som lærarar og er dei som gir opplæringa. På Tuentun er det eit auka fokus på praktiske oppgåver knytt til ulike områder ved arenaen, som dyrehald, gardsdrift, verkstad, kjøkken, og uteområde. Tuentun har tett samarbeid med føresette til elevane, både om praktiske detaljar og innhaldet i opplæringa. Tuentun skal også samarbeide tett med heimskulen, både i utforming og evaluering av individuelle opplæringsplanar, og i å skape mest mogleg samanheng mellom opplæringa ved Tuentun og heimskulen. Dei tilsette frå Tuentun deltek også på samarbeids- og ansvarsgruppemøter.
Tuentun har eit tett samarbeid med PP-tenesta i Vestnes og instansane dannar ei samarbeidsgruppe med faste møtepunkt.