SpesialundervisningHar du eit barn med behov for ekstra tilrettelegging? Da tek du først kontakt med skulen eleven går på, eller skal gå på. Kven har rett til spesialundervisning? Elevar som ikkje har eller kan få utbytte av det ordinære opplæringstilbodet har rett til spesialundervisning. Før det blir fatta vedtak om spesialundervisning skal det vere gjort ei sakkyndig vurdering utarbeid av Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Krav til skulen Før ein elev blir henvist til PPT må skulen sjølv vurdere om eleven kan hjelpast innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Skolen må også prøve ut tiltak innanfor tilpassa opplæring. Dersom eleven fortsatt ikkje har tilstrekkeleg utbytte av opplæringa skal skulen henvise til PPT. Slik ber du om sakkunnig vurdering Ta kontakt med skulen til eleven Skule gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak Skule utarbeider pedagogisk rapport og tilviser til PPT med skriftleg samtykke frå føresette PPT utarbeider sakkunnig vurdering av eleven sin rett til spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp Kommunen/skulen fattar vedtak om rett eller gir avslag etter mottatt sakkunnig vurdering og tilråding. Dersom ein ikkje følgjer PPT si tilråding, skal dette grunngjevast i vedtaket Føresette skal samtykke før enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning vert fatta Her finn du skjema for tilvisning til PPT (papirskjema). Slik klager du Klage på enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Du har rett til rettleiing frå kommunen og du har rett til innsyn i dokumenta. Klagen skal grunngjevast og sendast til: Vestnes kommune Brugata 10 6390 VESTNES eller til postmottak@vestnes.kommune.no Formannskapet er kommunen sitt faste klageorgan der det ikkje er ekstern klageinstans (t.d. Fylkesmannen). Du kan klage på vedtaket dersom du meiner tiltaka ikkje vil gje tilfredsstillande utbytte. Regelverk PPT og spesialpedagogisk hjelp – rettigheter Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) - kap. 5 Sist endra 04.01.2023 10.53