Grunna planlegginga av ny felles ungdomsskule i Vestnes og den føreståande renoveringa og utbygginga av Helland skule, skal elevane på ungdomsskulen på Helland ha opplæringa si ved Tresfjord oppvekstsenter frå skuleåret 2020/2021. Elevane på 1.-7. årssteg som i dag har opplæringa si ved Tresfjord oppvekstsenter, får skuletilbodet sitt ved Helland skule frå komande skuleår. Den endra bruken av skulebygga på Helland og i Tresfjord fører til endringar i skuleskyssen.
Sist endra 17.09.2020 10.03