Planlegger du at fråværet skal strekke seg over to veker, må det søkast.om elevpermisjon/heimeopplæring. Heimeopplæring inneber at foreldra/føresette tek på seg å gjennomføre opplæringa i den aktuelle perioden..
Korleis fungerer heimeopplæring?
Opplæringa foregår i heimen, og skal følge opplæringslova både i formål og innhald. Opplæringa skal i prinsippet følge den same læreplan som i den offentlege grunnskulen.
Dette kravet gjeld sjølv om foreldra/føresette berre overtek opplæringsansvaret for ei kortare periode. Skulen/rektor må derfor motta, og skal anbefale, ein opplæringsplan for eleven. Opplæringsplanen kan vere lik klassen sin opplæringsplan for den aktuelle perioden, men opplevingane, inntrykka og impulsane det blir forventa at eleven har i den perioden heimeopplæringa pågår, bør også kome til uttrykk i planen.
Kommunen har ansvar for å føre tilsyn med at opplæringa blir gjennomført på ein tilfredsstillande måte. Skulen/rektor har det praktiske tilsynsansvaret.
Skulen kan avslå å godkjenne ein søknad om elevpermisjon/heimeopplæring, eller eventuelt kreve at eleven kjem tilbake til skulen, dersom heimeopplæringa ikkje blir gjennomført i overenstemming med intensjonane i opplæringslova.
Elevar som oppheld seg i utlandet i meir enn to veker
Elevar som oppheld seg i utlandet blir skreve ut frå skulen og inn igjen når dei kjem tilbake. Årsaken til dette er at skulen ikke har ansvar for elevar som oppheld seg i utlandet i meir enn to veker.
Utdanningsdirektoratet har ei eiga side med regelverk for elevar i utlandet.
Slik søker du
Søk om elevpermisjon/heimeopplæring via vårt elektroniske skjema. Søknadsfrist er 1 månad før heimeopplæringa skal starte.