
Blir du mobba?
Dersom du blir krenka eller mobba, er det viktig at du seier ifrå til nokon om det. Du vel sjølv kven du vil snakke med. Du kan til dømes ta kontakt med ein lærar, helsesøster, foreldre, venner, trenarar eller andre du kjenner.
Kva skal skulen gjere?
Alle tilsette ved skulen har plikt til å undersøkje, varsle og eventuelt gripe inn dersom dei får kjennskap til eller mistanke om mobbing, vald, rasisme eller anna krenkjande åtferd.
Skulen skal ved oppmodingar om tiltak frå elevar eller føresette, innan 5 dagar skrive ein aktivitetsplan. Aktivitetsplanen skal innehalde tiltak for å ivareta eit trygt skulemiljø for eleven(ane).
Aktivitetsplikt
Plikt til å følgje med
Plikta startar ved mistanke eller kunnskap om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Det er ei plikt for den einskilde å vere årvaken og aktivt observere korleis elevane agerer kvar for seg og seg imellom.
Plikt til å gripe inn
Alle skal gripe inn ved krenkingar. «Gripe inn» skjer med ein gong og er retta mot å stoppe ein situasjon.
Plikt til å varsle
Rektor skal varslast ved all mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle.
Plikt til å undersøkje
Plikta startar når ein har mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Terskelen skal vere låg. Plikta blir alltid utlløyst dersom ein elev sjølv seier frå at han eller ho ikkje opplever at det er trygt og godt på skulen.
Plikt til å setje inn tiltak
Skulen har ei plikt til å setje inn tiltak som er eigna til å sørgje for at eleven får eit godt og trygt skulemiljø. Plikta omfattar å følgje opp tiltaka og evaluere korleis tiltaka verkar. Dersom eleven opplever å ikkje ha eit trygt og godt skulemiljø, skal dette alltid utløyse aktivitet og plikt til å setje inn tiltak.
Mobbeombod
Alle fylke har sitt eige mobbeombod. Mobbeombodet skal støtte og rettleie barn, elevar og foreldre slik at desse får ivaretatt sine rettigheiter til eit godt psykososialt miljø i barnehage og grunnskule.
Kontakt mobbeombudet i Møre og Romsdal
Nyttige lenker
Informasjon om mobbing på Fylkesmannen sine nettsider.
Nullmobbing.no - Informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettigheter, Utdanningsdirektoratet
På nettstaden brukhue.com finn du gode råd til barn og foreldre om nettmobbing.
På slettmeg.no kan du få hjelp til å fjerne ting på nettet.
Regelverk
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) Kap. 9A