Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering betyr å dele opp eit bygg i fleire sjølvstendige eigarseksjonar. Endringar av allereie seksjonerte eigedomar kallast reseksjonering. 

Slik søker du

1. Fyll ut skjema

Seksjonering 
Søknadsskjema - Søknad om seksjonering   
Rettleiar til utfylling av søknadsskjema om seksjonering  

Reseksjonering  
Søknadsskjema - Søknad om reseksjonering  
Rettleiar til utfylling av søknadsskjema for reseksjonering   

2. Nødvendige vedlegg går fram av pkt. 9 i skjemaet
 

3. Skjemaet må leverast i papirversjon pga. krav om original signatur

Ved reseksjonering: Legg ved kopi av eksisterande tinglyst seksjonering, tilhøyrande planteikningar og situasjonsplan. Dersom du ikkje har desse dokumenta kan dei bestillast frå Statens Kartverk (tinglysinga).

Seksjonering av uteareal: Fordeling av uteareal eksklusivt til dei enkelte seksjonar som tilleggsdelar er ein meir komplisert prosess som krev oppmålingsforretning.

Kva får du

  • Begjæringa blir normalt behandla innan 12 veker.
  • Du får delt opp bygninga i fleire eigarseksjonar, med dokumentasjon på plassering av eigarseksjonar og fordeling av sameigebrøk.
  • Du får eventuelt eit matrikkelbrev og fordeling av uteareal til ein eller fleire seksjonar.

Ved fordeling av uteareal, får du i tillegg:

  • Eksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eigedomen.
  • Koordinatbestemte bruksrettsgrenser.
  • Sett ned offentlege grensemerker, om det er mogleg og ønskeleg.

Kva kostar det

Sjå  Gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova pkt 7 for matrikkelbrev.  
Sjå Regulativ for saksbehandling av byggesaker, plansaker, oppretting og endring av eigedom m.v pkt 19. diverse gebyr. 

Regelverk 

Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering.

Kontakt

Ioan-David Strimbeanu
Byggesaksbehandlar
Telefon 90 77 83 28

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 12:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk eller avtale tid på førehand.

Adresse

Besøksadresse:

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart