Hovudregelen er at alle tiltak skal vere i samsvar med plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter og vedtatte arealplanar med føresegner. Eksempel på arealplanar er kommuneplanens arealdel og ulike reguleringsplanar. Når du skal søke om eit tiltak, må du difor finne ut kva planar som gjeld for det aktuelle området. Du kan få informasjon om dette via kommunen sitt planarkiv eller ved å kontakte kommunen.
Kva må til for å få dispensasjon?
For å få dispensasjon må to vilkår vere oppfylte:
- Omsynet bak regelen du søker unntak frå, må ikkje bli vesentleg sett til side.
- Fordelane med å gi dispensasjon må vere klart større enn ulempene.
Du kan ikkje bruke personlege grunnar som plassbehov eller økonomi som argument. Det er dei allmenne interessene som skal vurderast.
Eit døme på omsyn bak ein regel kan vere at avstandsreglar skal sikre nok lys og luft mellom bygningar, god brannsikkerheit og ta omsyn til naboar.
Typar dispensasjon
Dispensasjon kan vere permanent eller avgrensa i tid (mellombels). Er dispensasjonen mellombels, må tiltaket fjernast eller bruken stoppast når perioden er over. Det kan også bli sett vilkår for dispensasjonen, og dette vil stå i vedtaket frå kommunen.
Slik søker du om dispensasjon
- Send nabovarsel
Før du søker dispensasjon, må du som regel varsle naboane dine. Dette kan gjerast samtidig med byggesøknaden dersom du søker begge delar. - Send inn søknad med grunngjeving
Skriv ein søknad der du forklarer kva du søker dispensasjon frå, kvifor du treng dispensasjon, og kvifor fordelane er større enn ulempene.
Legg ved nødvendige teikningar, situasjonsplan og informasjon om eigedomen (adresse, gards- og bruksnummer). - Søknad saman med byggesak
Dersom tiltaket også krev byggesøknad, anbefaler vi at du sender begge søknadane samtidig.
Behandlingstid og gebyr
Behandlingstida for dispensasjonssøknader i Vestnes kommune er normalt inntil 12 veker. Du må betale eit gebyr for behandling av søknaden, uavhengig av om dispensasjonen blir innvilga eller ikkje. Sjå kommunens gebyrregulativ for prisar.
Døme på når du må søke dispensasjon
- Bygging nærare nabogrensa eller veg enn det som er tillate i regelverket.
- Tiltak som ikkje er i samsvar med reguleringsplanen for eigedomen.
- OBS! Mindre tiltak er berre unntatt søknadsplikt (SAK §4-1) dersom tiltaket ikkje er i strid med lovens føresegn med tilhørande forskrifter, kommuneplanens arealdel og reguleringsplan eller anna regelverk. Til dømes vil ei utestue vere søknadspliktig dersom bygginga gjer at eigedomen får høgare utnyttingsgrad enn det som er tillate i gjeldande arealplan.
Kva skal søknaden innehalde?
Søknad om dispensasjon skal alltid vere skriftleg og skal innehalde:
- Kven som er tiltakshavar og ansvarleg søkar
- Kva eigedom søknaden gjeld for.
- Kva du skal bygge eller kva føremålet er ved oppretting (frådeling) av ny eigedom
- Tydeleg framstilling av kva lovar, forskrifter, arealformål eller føresegn det vert søkt dispensasjon frå.
- Grunngjeving for kvifor du meiner dispensasjon bør vert gjeve.
- Kvittering for nabovarsel og opplysningar gjeve i nabovarsel som viser at naboar er varsla om dispensasjonssøknaden.
- Eventuelle merknader frå naboar.
- Eventuelt vurdering av merknader.
- Oversiktskart, detaljkart med nøyaktig plassering av tiltaket/området
- Plankart i fargar
- Teikningar med tydelege mål og plasseringar for tiltaket i målestokk 1:100 og om nødvendig terrengprofil.
Bygge eller endre? - Rettleiar frå DIBK
Regelverk
I Plan- og bygningslova § 19 finn du meir om dispensasjon.