Ferdigattest og bruksløyve

For å få ferdigattest eller mellombels bruksløyve til eit bygg skal det sendast søknad til kommunen. 

Før tiltaket kan takast i bruk, må kommunen ha gitt ferdigattest eller mellombels bruksløyve

  • Ferdigattest er eit dokument som syner at bygget er utført i samsvar med søknaden slik den vart sendt inn.
  • Mellombels bruksløyve gje rett til å ta i bruk tiltaket, sjølv om ikkje alt er heilt ferdig. Det som står att må ikkje vere til fare for helse, miljø eller sikkerheit. I søknaden om mellombels bruksløyve, skal ein skrive ned arbeidet som ikkje er utført, og dato for når arbeidet vert ferdigstilt.

Krav om obligatorisk ferdigattest er viktig for oversikt over bygningar i kommunen og gje grunnlag for fullstendige kart og framtidige situasjonsplanar.

Ferdigattest skal skrivast ut av kommunen innan 3 veker. Normalt er det ansvarleg søkar som skal søke om ferdigattest eller mellombels bruksløyve. I dei sakene der det ikkje er ansvarleg søkar, er det tiltakshavar som skal sende inn søknaden.

Ved tiltak med krav om ansvarlege føretak, må følgjande leggast ved søknaden:

  • Sluttrapport for avfall (berre aktuelt ved enkelte typar tiltak)
  • Gjennomføringsplan
  • Er det gjort mindre ikkje-søknadspliktige endringar i forhold til løyve, må det sendast inn saman med søknaden
  • Oppdatert situasjonsplan
  • Oppdaterte teikningar
  • Dokumentert plassering av tiltaket slik som det er utført

Ved søknad om ferdigattest skal søkar bekrefte at tilstrekkeleg dokumentasjon som grunnlag for driftsfasen er overlevert til byggverket sin eigar.

Der det vert søkt om mellombels bruksløyve, skal søkar identifisere attståande arbeid, bekrefte at byggverket har tilfredsstillande sikkerheitsnivå, og fastsetje tidspunkt for søknad om ferdigattest.

Søknad om ferdigattest   

Søknad om mellombels bruksløyve   

 Alle søknadspliktige tiltak skal i utgangspunktet avsluttast med ferdigattest.

Tiltak utan søknadsplikt får ikkje utskriven ferdigattest.

Lenker 

Diverse byggesaksblanketter 

Kontakt

Torgeir Marvin Utgård
Byggesaksansvarleg
E-post
Telefon 90 77 83 28

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart