Kvifor er det viktig å søkje om ferdigattest?
Når eit søknadspliktig tiltak er ferdig bygd, skal byggesaka avsluttast med ein ferdigattest. Ferdigattesten markerer den formelle avslutninga av byggesaka og stadfestar at tiltaket er utført i tråd med løyvet og gjeldande regelverk (plan- og bygningslova og byggjesaksforskrifta).
Eit byggverk, eller ein del av eit byggverk, skal som hovudregel ikkje takast i bruk før kommunen har gitt ferdigattest eller mellombels bruksløyve.
Kven skal søkje om ferdigattest?
- I saker med ansvarlege føretak er det normalt ansvarleg søkjar som skal sende inn søknad om ferdigattest på vegne av tiltakshavar.
- I saker utan ansvarsrett er det tiltakshavar/eigar sjølv som har ansvar for å sende inn søknaden.
Det er derfor viktig at du som tiltakshavar avtalar med ansvarleg søkjar korleis avslutninga av byggesaka skal gjennomførast, og sikrar at søknad om ferdigattest faktisk blir sendt inn.
Kva betyr ferdigattest for deg?
Ein ferdigattest er ein tryggleik for både eigar, brukarar og eventuelle kjøparar av eigedomen:
- Den viser at kommunen har avslutta byggesaka, og at tiltaket er kontrollert opp mot løyvet og regelverket.
- Den gjer det enklare ved sal, refinansiering og seksjonering, fordi eigedomsmeklarar, bankar og kjøparar ofte etterspør ferdigattest.
- Den kan redusere risikoen for konfliktar i ettertid om lovlegheit og manglar ved tiltaket.
Manglar det ferdigattest, kan det skape uvisse om omfanget av arbeida som er utførte, om dei er lovlege, og om det står att forhold som burde vore dokumenterte eller ferdigstilte.
Mellombels bruksløyve er ikkje det same som ferdigattest
I nokre tilfelle kan du få mellombels bruksløyve dersom det står att mindre arbeid, og det likevel er forsvarleg å ta bygget heilt eller delvis i bruk.
Mellombels bruksløyve erstattar likevel ikkje ferdigattest. Når dei gjenståande arbeida er ferdige, skal det framleis sendast inn søknad om ferdigattest for å avslutte byggesaka.
Eldre byggesaker
For byggjesaker som er eldre enn 1998, opnar ikkje regelverket for å gi ferdigattest i dag.
Desse bygga kan likevel vere lovleg oppførte, men vil ikkje kunne få ferdigattest etter dagens reglar. Kommunen kan i slike tilfelle bidra med utskrift av eldre vedtak, teikningar og anna arkivmateriale som dokumentasjon.
Korleis søkjer du om ferdigattest?
Søknad om ferdigattest blir sendt inn når tiltaket er ferdigstilt. Du brukar nasjonalt skjema for «Søknad om ferdigattest» eller digitale løysingar for byggjesøknad. Samtidig må du sende inn nødvendig sluttdokumentasjon og bekrefte at tilstrekkeleg dokumentasjon som grunnlag for driftsfasen er overlevert til byggverket sin eigar. Følgjande må leggast ved søknaden:
- Sluttrapport for avfall (berre aktuelt ved enkelte typar tiltak)
- Gjennomføringsplan
- Er det gjort mindre ikkje-søknadspliktige endringar i forhold til løyve, må det sendast inn saman med søknaden
- Oppdatert situasjonsplan
- Oppdaterte teikningar
- Dokumentert plassering av tiltaket slik som det er utført
Kommunen skal normalt behandle søknad om ferdigattest innan tre veker etter at komplett søknad er motteken.
Der det vert søkt om mellombels bruksløyve, skal søkar identifisere attståande arbeid, bekrefte at byggverket har tilfredsstillande sikkerheitsnivå, og fastsetje tidspunkt for søknad om ferdigattest.
Søknad om ferdigattest
Søknad om mellombels bruksløyve
Tiltak utan søknadsplikt får ikkje utskriven ferdigattest.
Lenker
Diverse byggesaksblanketter
Byggesaksforskriften § 8-1 - Ferdigstillelse av tiltak