Skjenkebevilling for ope og lukka arrangement

Når må du søke om skjenkebevilling for arrangement?

Du må søke om bevilling, dersom:

  • du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, innandørs og/eller utandørs på eit avgrensa område
  • du leiger lokale og tek betalt for alkohol
  • du skal servere alkohol på offentlege plassar som for eksempel i ein gapahuk på badestrand. Du må søke, sjølv om du ikkje tek betalt for alkohol
  • du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkebevilling eller utandørs på eit avgrensa område - ei bestemt enkeltanledning
  • du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup eller interne arrangement i bedrifter og er ikkje eigar, leigar, drivar eller tilsett ved lokale.

Krav som du må oppfylle/viktig å vite

  • Bevillingssøkar må vere over 20 år.
  • Du må oppgi ein person som skal vere ansvarleg for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år.

Korleis søke om skjenkebevilling for arrangement?

Du må sende oss ein søknad om skjenkebevilling. Det er same søknad for både ope og lukka arrangement. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp eventuelle vedlegg i søknaden.

Kva koster det?

Sjå gebyr for sals-, skjenke- og serveringsbevilling

Kor lang tid tek det?

Kommunen behandlar søknad om skjenkebevilling for ope og lukka arrangement innan tre veker etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstans brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Kva er eit lukka arrangement/slutta lag?

Eit lukka arrangement eller slutta lag betyr at det er samla ein bestemt krets med menneske i samband med eit bestemt føremål i ein bestemt lokale, for eksempel bryllaup, konfirmasjon, jubileum.

Deltakarane i selskapet må med andre ord ha ein eller anna tilknyting til dei som inviterer til selskapet. Det er ikkje tilstrekkeleg at man skriv seg på ei liste eller kjøper billettar i forkant av arrangementet.

Vanlege medlemsmøte i ein foreining vil ikkje oppfylle lova sitt krav til lukka arrangement/slutta lag. Klubbar og liknande med avgrensa medlemskap er ikkje i seg sjølv eit slutta lag.

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar.

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart