Omsetningsoppgåve og avgiftAlle som har ei sals- eller skjenkebevilling må levere ei omsetnadsoppgåve og betale avgift kvart år. Storleiken på avgifta er avhengig av kor mykje alkohol du har selt. Opplysningar om alkoholsalet skal du oppgi i omsetnadsoppgåva.Bevillingshavarar med fleire bevillingar må sende inn ei omsetnadsoppgåve for kvar bevilling. Bevillingshavar blir tilskrevet og alle må fylle ut omsetningsoppgåve for skjenke- og salsbevilling.Fyll ut omsetningsoppgåve for alkohol her Frist for innlevering av omsetningsoppgåve er sett til 1. mars.Vedlegg til omsetnadsoppgåvaDu må leggje ved ein stadfesting frå revisor/rekneskapsførar om faktisk omsetnad. Opphøyr eller sal av verksemdAvgifta blir fakturert årleg heilt til bevillinga vert sagt opp. Dersom sals- eller skjenkestaden vert selt, må du sende inn omsetnadsoppgåva så snart endelege omsetnadstal er klare.Kva koster det?Du finn satsane for avgifta i alkoholforskrifta, kapittel 6. Satsane vert justert årleg. Sist endra 23.04.2025 12.45