Informasjon om koronaviruset

Sal av tobakksvarer

Sal av tobakksvarer

Det fins ein del reglar og krav til dei som skal selje tobakksvarer og tobakkssurrogat.

Registrering i Tobakkssalgsregisteret

Skal du selje tobakksvarer og tobakkssurrogat, må du registrere deg i Tobakkssalgsregisteret seinast 14 dagar før salet startar. Registrering i Tobakkssalgsregisteret er kostnadsfritt.

Ved endringar i drifta, for eksempel overdraging, død eller konkurs, må du endre opplysningane i registeret innan 30 dagar.

Tilsyn med stadar som sel tobakk

Kommunen skal føre tilsyn med salsstadar. Tilsynet skal særleg omfatte aldersreglar, forbud mot tobakkreklame og salsstaden sin internkontroll. Det kan føregå opent eller anonymt, men kontrollørane skal alltid presentere seg etter gjennomført tilsyn. Du kan lese meir om tilsyn på Helsedirektoratet sine heimesider.

Tilsynet i Vestnes kommune er for tida gratis.

Forbod mot tobakkreklame

All slags reklame for tobakksvarer og e-sigarettar er forbydd. Det er også forbydd med synleg oppstilling av tobakksvarer og e-sigarettar på utsalsstader.

Du kan lese meir om forbodet mot tobakksreklame på Helsedirektoratet sine heimsider.

Kontaktinformasjon

Asbjørg Oddny Folland
Saksbehandlar
E-post
Telefon 71 18 40 53

Opningstider

Kvardagar 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart