Nytt regelverk for sal av e-sigarettar med nikotin
I desember 2016 vedtok Stortinget å oppheve forbodet mot e-sigarettar med nikotin. Når det nye regelverket vert iverksett, må du også registrere sal av e-sigarettar med nikotin. Du må registrere deg seks månadar før du skal selje e-sigarettar med nikotin til forbrukarar.
Fram til iverksetjing vil det framleis vere forbudt å produsere, importere eller selje e-sigarettar med nikotin. Når det nye regelverket trer i kraft må alle verksemder som ønskjer å selje e-sigarettar med nikotin registrere seg for fjernsal via Altinn. Verksemder må også påse at produkta er registrert hos Statens legemiddelverk.
Tidspunktet for iverksetjing er ikkje fastsatt og vil avhenge av når Tobakksdirektivet trer i kraft i Noreg. Meir informasjon om regelverket vil kome nærmare iverksetjing.
E-sigarettar utan nikotin
Det er lovleg å selje e-sigarettar utan nikotin med 18-årsgrense. E-sigarettar er omfatta av reklame- og oppstillingsforbodet.
Frå og med 1. juli 2024 er det innført forbod mot å selje e-sigarettar og e-væske/e-juice med karakteristisk aroma.
- Forbodet er heimla i tobakksskadelova § 32a.
- Gjeld også for separate beholdarar av aromatilsetjingar til bruk i e-sigarettar
- Gjeld også for utstyr som vert brukt i samband med e-sigarettar eller gjenoppfyllingsbeholdarar som gjer det mogleg å endre produktets lukt eller smak.
- Forbodet inneberer ikkje eit totalforbod mot bruk av smakstilsetjingar.
Sal av e-sigarettar utan nikotin er også registreringspliktig. Før du kan selje desse, må du registrere deg i Tobakkssalgsregisteret.
Gå til Tobakkssalgsregisteret