Jobb og praksis i helse

Studerer du sjukepleie, vernepleie, eller paramedisin og er ute etter ein praksisplass? I Vestnes kommune har vi praksisplassar i fleire einingar.

Vestnes kommune ligg vakkert til på sørsida av Romsdalsfjorden, midt mellom Molde og Ålesund. Kommunen har eit areal på ca. 405 km² og rundt 7 242 innbyggarar, med administrasjonssenter i tettstaden Vestnes. Naturen er tett på i Vestnes, og her rekk du gjerne ein fjelltur før eller etter arbeid. 

Panoramabilde over Vestnes sentrum sett frå Åsnakken - Klikk for stort bilete Ziggi

Kor har vi prakisplassar?

Vestnes kommune har praksisplassar for studentar som tek bachelor i sjukepleie, vernepleie og paramedisin. Praksisplassane er fordelt på to institusjonar og heimetenesta. Klikk på dei ulike stadene for å finne ut meir om korleis opplæringa er organisert, og kva pasientgrupper og type behandlingar dei har på dei ulike tenestestadene.

Kor kan studentane bu under praksisperioden?

Studentane må dekke og organisere transport og bustad sjølv.

Kor langt ligg praksisplassane frå Molde og Ålesund?

Tenestene våre ligg alle samla i sentrumsområdet på Vestnes. Frå Molde tek det 30 minutt med ferje og FRAMekspressen er innom Vestnes kvar time. Frå Ålesund er det ca. 50 minutt i bil eller kollektivt. Også her går det buss kvar time. 

Kart

Kontakt

Camilla Stavik
Einingsleiar
E-post
Mobil 95 14 58 99
Nina Andrea Naastad
Einingsleiar
E-post
Telefon 48 07 11 89
Elisabeth Sylte
Einingsleiar
E-post
Telefon 91 38 70 62