Skogkultur

Vestnes kommune har fleire tilskot for skogkultur, som skogeigarar kan søke om å nytte. Kommunane har eit eige budsjett for forvaltninga av midlane, og satsane for dei ulike tilskota vert regulert kvart år. 

Planting av gran og furu er høgste prioritet for ordninga, fordi skogeigar er lovpålagd å forynge etter hogst, og det er det viktigaste tiltaket i skogen for å få opp ny produksjonsskog. Eit av dei absolutte vilkåra for å motta tilskot frå staten i samband med hogst er at det skal plantast etter hogst. Avsatt skogfond  etter hogst kan nyttast til utgifter ved planting.

Skogkultur

Skogkultur
TiltakTilskotPrioritering
Ungskogpleie450 kr/daa maks 70 % av kostnaden1
Suppleringsplanting (plantekjøp og plantearbeid)Inntil 30 % av kostnaden1
Anskaffing av frø og såingInntil 30 % av kostnaden2
Nyplanting (plantekjøp og plantearbeid)Inntil 30% av kostnaden2
Markberedning300 kr/daa maks 50 % av kostnaden3
Grøfting; Nygrøfting (ikkje på myr- og sumpskog). Suppleringsgrøfting på tidlegare grøfta areal, grøfte og bekkerensking (gjeld ikkje grøfter i samband med veg)30 % av kostnad, maks 20 kr/meter4

Kven kan søke  

Eigarar av skog som har 10 daa eller meir produktiv skog, og som har skogfondskonto kan søke på tilskota. Er du usikker på om du har skogfondskonto kan du finne den på Altinn.no eller du kan kontakte kommunen. 

Slik søker du  

Fyll ut standardisert skjema frå Landbruksdirektoratet, under fana

Skogkulturarbeid og kvalitetsutvikling eller 

LDIR-909 Utbetaling fra skogfond og søknad om tilskudd til skogkultur 

Søknadsfrist    

Søknadsfrist for skogkultur finner du i oversikta over viktige søknadsfristar i landbruket.

Regelverk  

Forskrift om miljøtiltak mv. i skogbruket

Skogbrukslova

Kontakt

Hilde Valved
Skogansvarleg
E-post
Telefon 46 82 37 96

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 12:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk eller avtale tid på førehand.

Adresse

Besøksadresse:

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart