Produksjonstilskot

Produksjonstilskot er eit samlebegrep for ei gruppe av direktetilskot i jordbruket med felles forvaltningsrutiner. Kommunen er saksbehandlar, vedtaksmynde og kontrollør på søknader om produksjonstilskot.

Kven kan søke

Føretak som driv vanlig jordbruksproduksjon kan søke produksjonstilskot. Alle føretak som ønsker å søke produksjonstilskot må ved søknadsfristen:

  • Vere registrert i Enhetsregisteret (dvs. ha organisasjonsnummer)
  • Drive vanlig jordbruksproduksjon på ein eller flere landbrukseigedomar

Vilkåra for å kunne motta produksjonstilskot står i forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket.

Forskrift om produksjonstilskot

Landbruksdirektoratet 

Jordbruksoppgjeret

Søknadsfrist

Det søkast om produksjonstilskot to gongar i året. Det må søkast elektronisk.

15. mars med teljedato 1. mars

15. oktober med teljedato 1. oktober

Vedtak og utbetaling skjer februar året etter. 

Søk om produksjonstilskot

Kontroll

Kommunen er kontrollorgan, og er pliktig til å gjennomføre kontroll på minimum 10% av søkarmengda kvart år. Kontroll gjennomførast som stadleg kontroll og/eller ved dokumentasjonskontroll 

Kontakt

Ole Aksel Øveraas
Konsulent
E-post
Telefon 48 28 50 19
Hilde Valved
Skogansvarleg
E-post
Telefon 46 82 37 96

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart