Kommunalt viltfondKommunar der det er adgang til jakt etter elg og/eller hjort, skal etablere eit kommunalt viltfond. Føremålet med kommunale viltfond er å skape økonomisk bakgrunn for å fremje viltforvaltninga i kommunen. Som inntekter til det kommunale viltfondet skal reknast Offentleg fellingsavgift for elg og hjort fastsett av kommunen. Tilskott frå det statlege viltfondet. Fondet si årlege avkastning Som inntekter til det kommunale viltfondet kan reknast Inntekter frå omsetning av ulovleg felt vilt og fallvilt av hjortevilt og bever, samt hjortevilt og bever som blir felt etter løyve gjeve i medhald av naturmangfoldlova § 18. Eventuelle kommunale avsetnader Eventuelt andre midlar. Kommunalt viltfond kan nyttast til Tilskot til tiltak for å fremje viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering m.m. i kommunen og nabokommuner gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar eller kommunen sjølv. Å dekkje kommunen sine oppgåver til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen. Tiltak for å førebyggja skadar på landbruksnæring voldt av hjortevilt. Lovar og reglar Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort Sist endra 23.04.2025 12.45