Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Bygging av landbruksveg

Bygging av landbruksveg

Planlegging og bygging av landbruksvegar

Bygging av nye landbruksvegar og ombygging av eksisterande vegar kan ikkje iverksetjast  utan løyve frå kommunen. Med landbruksvegar meinast bilvegar og traktorvegar som skal tene jordbruks- og skogbruksdrift, og andre landbruksvegar som medfører større terrenginngrep.

Kva er søknadspliktig

Nybygging og ombygging av landbruksvegar, etablering av massetak, samt tiltak som omfattast av § 1-3 andre ledd, kan ikkje vert iverksett utan skriftleg løyve frå kommunen.

Det er likevel nokre mindre tiltak som ikkje er søknadspliktige.

Sjå forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier, for meir informasjon

Ta kontakt med kommunen om du er usikker.  

Søknad om løyve til bygging 

Søknad sendast til kommunen

Søknadsskjema fastsett av landbruksdirektoratet 

Vedlegg:

  • Kart med innteikna trase
  • Byggeplan

Løyver utover byggeløyve kor bygginga vedkjem andre interessentar er privatrettsleg, skal vere avklart før bygginga vert sett i gang (til dømes avkøyring).  

For behandling etter landbruksveiforskrifta må hovudføremålet med vegen vere landbruk. Landbruksandelen av vegens føremål må vere minimum 50 %. Om ikkje, må den behandlast etter plan- og bygningsloven. 

Kommunen er saksbehandlar, vedtaksmynde og kontrollorgan. 

Kva kostar det

Det er ikkje gebyr for behandling av landbruksvegar.

Søk om tilskot til vegbygging  

Søknad sendast til kommunen

Søknadsskjema fastsett av landbruksdirektoratet

Kommunen har vedtaksmynde på søknader om tilskot.

Du må ha løyve frå kommunen på bygging  av landbruksveg, før du kan søke om tilskot. 

Regelverk

Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier  
Forskrift om miljøtiltak mv. i skogbruket 

Lenker  

Landbruksdirektoratet - landbruksveg  
Skogsvei.no  
Fylkesmannen

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart