Sprøytemiddelsertifikat

Sprøytemiddelsertifikat

Alle som vil kjøpe og bruke plantevernmidlar må ha eit autorisasjonsbevis, såkalla sprøytemiddelsertifikat. Dette gjeld også ansvarshavande til forhandlarar av plantevernmidlar.

Autorisasjonen gjeld for 10 år frå avlagd eksamen. Ved fornying vert det stilt tilsvarande krav som ved fyrste  gongen det vert tildelt. 

Kven kan få autorisasjon / sprøytemiddelsertifikat

Autorisasjon kan verte tildelt personar som har fylt 18 år, og som har vore gjennom obligatorisk kurs og bestått eksamen/oppgåve og har dokumentert yrkesretta behov for kjøp og bruk av plantevernmidlar.

Oppgåvene med å arrangere kurs og tildeling av autorisasjonsbevis er delegert til kommunen og Fylkesmannen. I praksis er det andre aktørar i landbruket som arrangerar kurs, til dømes Norsk Landbruksrådgiving.

Kursarrangørar

Kommunen retter eksamensoppgåver og legg inn kandidatane i databasen til Mattilsynet. Kommunen kan ordne midlertidige bevis, og mattilsynet ordnar med hovudbeviset som varar heile perioden.   

Meir om autorisasjonsbevis på sidene til Mattilsynet finn du her.

Har du mista beviset ditt? kontakt kommunen. 

Kontaktinformasjon

Malin Therese Fiksdal
Skogbruksansvarleg
E-post
Telefon 71 18 40 82
Mobil 910 05 133

Opningstider

Kvardagar 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart