Regionalt miljøprogram

Regionalt miljøprogram (RMP) i Møre og Romsdal rettar seg mot aktive gardbrukarar som vil gjennomføre miljøretta aktivitetar i fylket, ut frå gitte kriterium.

Kven kan søke

Føretak som har rett på produksjonstilskot.
Tilskot kan og bli gjeve til beitelag godkjend av kommunen - gjeld tiltak drift av beitelag. 

Det må søkast elektronisk!

Informasjon

Kommunen er saksbehandlar, vedtaksmynde og kontrollorgan. Sjå også nærmare informasjon om RMP på Stasforvaltaren si side. Ei fullstendig oversikt over alle tilskotsordningane finn ein i

Regionalt miljøprogram (RMP) for Møre og Romsdal 2013 – 2016, 2017, 2018 

Regionalt miljøtilskot- Statsforvaltaren si informasjonsside

 

Søknadsfrist

Fristen for å søke om tilskot i Regionalt miljøprogram er 15. oktober. Det kan søkast for dei dyra og det arealet føretaket disponerer per 1. oktober.
Søknadsfristen for tilskot til beitelag er 1. november. 
Vedtak og utbetaling skjer mars året etter.  

Kontroll  

Kommunen er kontrollorgan, og er pliktig til å gjennomføre kontroll på minimum 10% av søkarmengda kvart år. Kontroll gjennomførast som stadleg kontroll og/eller som dokumentasjonskontroll 

 

Kontakt

Alexander Kenneth Connor
Jordbruk- og miljøansvarleg
E-post
Telefon 99 26 66 30

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart